Dato: laurdag 6. august 
Klokkeslett: 18.00
Stad: Vågå kulturhus
Billettpris: 200,-
Billett til konserten kjøper du her


Storm Duo

Storm Duo består av to drivande, allsidige, tradisjonsbevisste trekkspelarar: Ásta Soffía Thorgeirsdottir frå Húsavík på Nord-Island og Kristina Farstad Bjørdal frå Tennfjord utanfor Ålesund. Dei er klassisk utdanna frå NMH, DKDM og die Musikhochschule Freiburg i tillegg til å vera oppvaksne med trekkspel- og dansemusikktradisjonen på sine heimplassar.

Asta og Kristina opplevde ein spontan og unik kjemi med ein gong dei spelte saman for fyrste gong i 2017. Etter kvart som dei spelte meir saman fekk dei endå tettare musikalske og venskapelege band, noko som vekte nyfikenheit hjå dei til å utforske kvifor dei har så lik mentalitet og tankemåte i musikken. Derfor er det verkeleg stas å urframføre "Nordsjøhistorier" av Ronny Kjøsen, med tekst til av diktaren Øystein Hauge.

Ronny Kjøsen er musikar, komponist og arrangør som er busett på Rindalsskogen i Rindal kommune. Hovedinstrumentet er trekkspel, men han spelar også piano, trøorgel, kyrkjeorgel og andre tangentinstrument og juksar litt med gitar. I tillegg driv han Kultursmia og har nå fått Statens Arbeidsstipend for eit år i 2022.

 

Nordsjøhistorier

«Musikken er inspirert av det tradisjonelle tonespråket i Nordsjøområdet, og eg prøver å byggje på lokale særeigenheiter i komposisjonane. Samstundes skal det høyrast ut som det høyrer saman både tonalt og tematisk. Sjølv om formen på satsane er basert på tradisjonsmusikk, er uttrykket moderne. Eg brukar klassiske/samtidsmusikalske komposisjonsteknikkar. Det gamle og det nye blir knytt saman, slik som historiene og menneska gjennom tidene også har gjort. Satsane skal fortelja kvar si historie om kvinnene rundt Nordsjøen. Det er også tenkt som ei musikalsk reise på kryss og tvers mellom landa rundt Nordsjøen, slik mennene til uminnelege tider har reist, jobba, fiska, festa og møttest i dette området. Men kvinnene, kva har dei gjort. Kva gjer dei no, og har dei noko felles?”, seier komponist og musikar Ronny Kjøsen.

I tillegg til urframføringa av "Nordsjøhistorier" skal Ronny Kjøsen, Ásta Soffía Thorgeirsdottir og Kristina Farstad Bjørdal framføre norsk og islandsk folkemusikk, samt følge i dei musikalske fotspora til fiskarane ved kysten.
 

Ronny KjøsenRonny Kjøsen. Foto: Ketil Jacobsen.

Storm Duo

Storm Duo. Foto: Thor Hauknes