Opningskonsert onsdag 2. aug kl 19.30-20.30 
Storsalen Førdehuset

Er du klar for å møte dei nye talenta, topputøvarane og dei store nestorane innan folkemusikken i Sunnfjord? 

Musikk- og dansetradisjonane våre er mangslungne og innhaldsrike, takka vere mange gode kjelder, komponistar og ikkje minst utøvarar som hevdar seg blant dei aller beste i Norge. På opningskonserten får du møte denne levande kulturarven og vite meir om kjeldene i generasjonane før oss. 

Her får du møte Noregsmeistrar frå både Landsfestivalen og Landskappleiken som t.d Gamlebanken spelemannslag, Gro Marie Svidal, Ole Nilssen, og sjølvsagt Indre Sunnfjord spelemannslag. Sunnfjords folkemusikknestor Sigmund Eikås er òg representert både som leiar for Indre Sunnfjord spelemannslag  og med eigne komposisjonar.

Sjarmøretappen vert utvilsamt Sunnfjord juniorspelemannslag og dei unge Viksdals-dansarane som har fått ein viktig plass i programmet. Elles medverkar Emil Horstad, Elias Eide, Naustedalen spelemannslag, Fjellklang spelemannslag, Dagfrid Vallestad og Ingrid Stuhaug. 

Konferansier er Synnøve Bjørset. 


Billettpris kr 200,- 
Billettpris for born under 15 år kr 100,-

Det er ledige billettar til konserten, desse får du kjøpt på stemnekontoret i Førdehuset. 
Billettsalget på nett er stengt.