Dato: fredag 5. august 
Klokkeslett: 12:00
Stad: Vågå kyrkje
Billettpris: 150,- 
Billetter vert seld i døra
Dørene opnar kl 11.30

Vågå sin eigen organist, Alf Hulbækmo, inviterar inn til OrgeLeik.

Slik beskriv han sjølv kva vi får oppleva: 

Forrige sumar blei det stor stas med OrgelRock i Vågåkyrkja, då vi inviterte til orgelkonsert under TraktorRock. Det var spesielt artig å sjå alle dei forskjellige folka som tok turen, for det var stor variasjon både aldersmessig og stilmessig. Den gongen forsynte eg meg grådig av hits frå popen og rocken. No skal eg forsyne meg grådig av folkemusikken. Her blir det både springar og gangar, pols og halling, og det som verre er. Det blir nytt og gamalt, tradisjonelt og sjølvskrive. Kanskje speler eg og opp til dans?

Orgelet i Vågåkyrkja er eit artig instrument å spele på. Spesielt artig er det å spele rytmiske ting på det. Ting som groover. Og kva er vel bedre da,enn ein saftig leik frå fjellheimen!

Det er Vågå kyrkjelege fellesråd som inviterar til denne konserten.