Klasseromma vi tilbyr overnatting i ligg om lag 300 meter frå inngangen til Førdehuset.
Pris for overnatting i klasserom
850,- per person for heile festivalen
Info om skulen og klasseromma
Vi har to avdelingar for overnatting i klasserom, dei er her kalla første og andre etasje.
Første etasje
I første etasje er det 3 klasserom, Gymsal og 1 grupperom. På dette nivå er det og skulekjøken med stort kjøleskåp og oppvaskmaskin. Ved sida av kjøkenet er det vaskerom.
I dette området er det toalett, dusj og garderobar.
Andre etasje
Dette er i eit anna bygg i same området.
I andre etasje er det 4 klasserom, der av to store klasserom. I tillegg er det eit grupperom.
NB! Kvar gruppe er ansvarleg for rydding før dei forlèt klasserommet etter opphaldet.
Tinging av plass i klasserom
For å tinge deg plass for overnatting i klasserom sender du ein e-post til overnattingsansvarleg for festivalen, Joar Solheim.
Vi treng denne informasjonen for å registrere bestillinga di
- Antal personar du bestiller for (850 kr per person)
- Innreise og avreisedag for personen/gruppa
- Informasjon til kontaktperson: namn på kontaktperson, tlf.nr. og e-postadresse.
- Om du/de har spesielle ynskje/behov
Send bestilling på epost til: joar@landsfestivalen.no
NB! Bestillinga vert bekrefta av oss, du får ein epost med informasjon om registrert bestilling. Høyrer du ikkje noko frå oss innan ei rimeleg tid så ta gjerne kontakt.
Kontaktinformasjon til overnattingsansvarleg
Joar Solheim
joar@landsfestivalen.no
Tlf.: 913 33 244
Kart over området Førde barneskule / Førdehuset
