Oppdatert informasjon 9. august 2018

Referanse ved alle førespurnader om overnatting er Landsfestival

Overnatting i Kinsarvik

Festivalcamping:
Kinsarvik Camping ligg rett attmed Fjordahallen og Kinsarvik skule. Attåt utleige av hytter og sitt eige campingareal så disponerer Kinsarvik Camping også skuleplassen og anna grøntareal kring Fjordahallen om somrane. Denne campingplassen vert sentrum for buskspel, liv og leik under Landsfestivalen 2019. 

Hyttene er allereie fulle, og det vert opna for tinging av vogn- og teltplassar 1. oktober 2018.
Kontaktinformasjon her: http://www.kinsarvikcamping.no

Familiecamping/stillecamping:
Mikkelparken Ferietun ligg omlag 500 meter frå Fjordahallen og er den perfekte staden for dei som ynskjer litt rolegare omgjevnader på kveldstid. Her skal det vera ro etter kl. 2300, og det vil sannsynlegvis vera gjester på campingplassen som ikkje tek del i Landsfestivalen.

Det vert opna for tinging av hytter, vogn- og teltplassar 1. oktober 2018.
Kontaktinformasjon her: https://ferietun.mikkelparken.no

First Hotel Kinsarvik
Heile hotellet er fulltinga.
https://www.firsthotels.no/hoteller/norge/kinsarvik/first-hotel-kinsarvik/

Bråvoll Camping
Meir informasjon kjem.

Privat innkvartering
Festivalnemnda er i gang med å skaffa private hus til utleige. Meir informasjon kjem. Det er også råd å sjekka tilbodet på Airbnb.

 

Overnatting på Lofthus

8 kilometer sørover frå Kinsarvik finn ein Lofthus med fleire overnattingsstader:

Lofthus Camping: http://lofthuscamping.com

Hotel Ullensvang: http://hotel-ullensvang.no

Ullensvang Gjesteheim: http://www.ullensvang-gjesteheim.no

Hardanger Hostel B&B: http://www.hardangerhostel.no

9,5 kilometer nordover frå Kinsarvik ligg Ringøy Camping: http://www.ringoy-camping.no


Meldingar og spørsmål om Landsfestivalen 2019 kan rettast til
kinsarvik2019@landsfestivalen.no eller magne@landsfestivalen.no

 

Ynskjer du å utvide festivalveka?
Ynskjer du å vera i Hardanger ei stund, eller er du ekstra sprek og ynskjer å ta ein fjelltur, bada i Tropefryd i Mikkelparken og liknande innimellom all dansinga så har Hardanger mykje å by på. Du finn det meste her: https://www.hardangerfjord.com

Kart_Kinsarvik.jpg