Oppdatert informasjon 04.07.2019

 

Kvednabrekka bubilcamp
- Straum, vatn og tømmemoglegheit tilgjengeleg, inkludert i pris.
- Pris pr. døgn/eining  kr. 435,- , minimum 4 døgn (heile festivalperioden, 7-11/8)
- Bestilling skjer helst gjennom mail til: kvednabrekkocamp@gmail.com  eller tlf. 952 50 135

Kinsarvik båtlag
Disponerer eit ekstraareal for bubilar/vogner under festivalen i båthavna. Denne er no nesten full. Ta kontakt med aina@landsfestivalen eller aina.nilsen@ullensvang.herad.no for booking

Kinsarvik båtlag har ei gjestehamn med inntil 30 båtplassar. Det vil vera mogeleg for festivalgjester med båt å ta kontakt med båtlaget når dei kjem til Kinsarvik. Der får dei leiga plass etter prinsippet "fyrst til mølla". Informasjon om båtlaget kan ein finna her.

Privat innkvartering
Vi er i full gang med å skaffa privat innkvartering. Interesserte kan ta kontakt med aina@landsfestivalen.no.
 

Overnatting på Lofthus

8 kilometer sørover frå Kinsarvik finn ein Lofthus med fleire overnattingsstader:

Lofthus Camping: http://lofthuscamping.com

Hotel Ullensvang: http://hotel-ullensvang.no

Ullensvang Gjesteheim: http://www.ullensvang-gjesteheim.no

Hardanger Hostel B&B: http://www.hardangerhostel.no
 

Overnatting på Ringøy:

9,5 kilometer nordover frå Kinsarvik ligg Ringøy Camping: http://www.ringoy-camping.no  og Ringøy stovetunhttp://www.ringoy.no/.

Referanse ved alle førespurnader om overnatting er Landsfestival

 

Bubilar / campingvogner og telt:

Campingplassane i Kinsarvik har fyllt seg opp for Landsfestivalen, men me har alternative areal for camping! Ta kontakt med aina@landsfestivalen eller aina.nilsen@ullensvang.herad.no. Dersom det vert ledige plassar på campingane har ho også informasjon om dette.

- Kinsarvik camping - FULLT
Disponerer eit ekstrareal for bubilar/vogner under festivalen. Dette er allereie fyllt opp. Ta kontakt direkte på  http://www.kinsarvikcamping.no for å tinga plass.

- Mikkelparken ferietun - FULLT. Har venteliste
Ta kontakt direkte på https://ferietun.mikkelparken.no.

- Bråvoll camping - FULLT
Ta kontakt på telefon 94059640, eller e-post: tro-stei@online.no.


Meldingar og spørsmål om Landsfestivalen 2019 kan rettast til
kinsarvik2019@landsfestivalen.no eller magne@landsfestivalen.no

 

Ynskjer du å utvide festivalveka?
Ynskjer du å vera i Hardanger ei stund, eller er du ekstra sprek og ynskjer å ta ein fjelltur, bada i Tropefryd i Mikkelparken og liknande innimellom all dansinga så har Hardanger mykje å by på. Du finn det meste her: https://www.hardangerfjord.com

Kart_Kinsarvik.jpg