Oppdatert informasjon 12.02.2019

Bubilar / campingvogner og telt:
- Kinsarvik camping
Disponerer eit ekstrareal for bubilar/vogner under festivalen. Ta kontakt direkte på  http://www.kinsarvikcamping.no for å tinga plass.

- Mikkelparken ferietun
Disponerer eit ekstrareal for bubilar/vogner under festivalen. Ta kontakt direkte på https://ferietun.mikkelparken.no.

- Bråvoll camping
Ta kontakt på telefon 94059640, eller e-post: tro-stei@online.no.

 

Kinsarvik båtlag
Kinsarvik båtlag har ei gjestehamn med inntil 30 båtplassar. Det vil vera mogeleg for festivalgjester med båt å ta kontakt med båtlaget når dei kjem til Kinsarvik. Der får dei leiga plass etter prinsippet "fyrst til mølla". Informasjon om båtlaget kan ein finna her.

Ekstra overnatting på tidlegare asylmottak
Det vert arbeidd med å leggja til rette eit tidlegare asylmottak som overnatting under festivalen. Det vert 30-40 sengeplassar. Informasjon kjem seinare.

Privat innkvartering
Vi er i full gang med å skaffa privat innkvartering. Interesserte kan ta kontakt med aina@landsfestivalen.no.
 

Festivalcamping:
Kinsarvik Camping ligg rett attmed Fjordahallen og Kinsarvik skule. Attåt utleige av hytter og sitt eige campingareal så disponerer Kinsarvik Camping også skuleplassen og anna grøntareal kring Fjordahallen om somrane. Denne campingplassen vert sentrum for buskspel, liv og leik under Landsfestivalen 2019.
Kontaktinformasjon her: http://www.kinsarvikcamping.no

Familiecamping/stillecamping:
Mikkelparken Ferietun ligg omlag 500 meter frå Fjordahallen og er den perfekte staden for dei som ynskjer litt rolegare omgjevnader på kveldstid. Her skal det vera ro etter kl. 2300, og det vil sannsynlegvis vera gjester på campingplassen som ikkje tek del i Landsfestivalen.
Kontaktinformasjon her: https://ferietun.mikkelparken.no

First Hotel Kinsarvik
Heile hotellet er fulltinga.
https://www.firsthotels.no/hoteller/norge/kinsarvik/first-hotel-kinsarvik/
 

Overnatting på Lofthus

8 kilometer sørover frå Kinsarvik finn ein Lofthus med fleire overnattingsstader:

Lofthus Camping: http://lofthuscamping.com

Hotel Ullensvang: http://hotel-ullensvang.no

Ullensvang Gjesteheim: http://www.ullensvang-gjesteheim.no

Hardanger Hostel B&B: http://www.hardangerhostel.no

9,5 kilometer nordover frå Kinsarvik ligg Ringøy Camping: http://www.ringoy-camping.no
 

Overnatting på Ringøy:

9,5 kilometer nordover frå Kinsarvik ligg Ringøy Camping: http://www.ringoy-camping.no  og Ringøy stovetun: http://www.ringoy.no/.

Referanse ved alle førespurnader om overnatting er Landsfestival

 


Meldingar og spørsmål om Landsfestivalen 2019 kan rettast til
kinsarvik2019@landsfestivalen.no eller magne@landsfestivalen.no

 

Ynskjer du å utvide festivalveka?
Ynskjer du å vera i Hardanger ei stund, eller er du ekstra sprek og ynskjer å ta ein fjelltur, bada i Tropefryd i Mikkelparken og liknande innimellom all dansinga så har Hardanger mykje å by på. Du finn det meste her: https://www.hardangerfjord.com

Kart_Kinsarvik.jpg