Plateslepp med Gruppa Ein haile halve maone av albumet “Jostedal”

Tid: fredag kl 17.00
Stad: Matteltet under Landsfestivalen i Vestnes

Dei har spelt saman sidan dei var små. No lanserer sogningane debutalbumet
«Jostedal» med gammaldansmusikk frå......ja, Jostedalen.
Gruppa Ein haile halve maone lanserer albumet på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og det var nettopp på Landsfestivalen det heile starta for dei fem unge musikarane då dei stilte i klassa for gruppespel i 2016, som den gongen vart arrangert på heimebane i Gaupne.

-Målet vårt, då som no, var å vise fram tradisjonsmusikk frå Luster. Me har på mange vis funne identiteten vår i denne musikken – han har ein heilt eigen energi som gir oss mykje glede, og me håpar publikum opplever det samme. Det seier jostedølen Mathilde Skjæret, som spelar hardingfele i gruppa. Dei andre medlemmane er Norill Terese Norheim på toradar, Emil Horstad på trekkspel, Henning Lad på gitar og Anders Vassli Brekke på kontrabass. Saman har dei dykka ned i arkivopptak og tatt opp att slåttar dei har lært i barndomen. Dei har mellom anna utforska musikken som særleg Sjur Hesjevoll og Olaf Sperle formidla i si tid.

-Me har prøvd å behalde så mykje som mogleg av slåttane sin originalitet, men me har også laga litt eigne vriar på stoffet. På den måten set vi vårt preg på tradisjonen som forhåpentleg vis mange kan ha glede av i framtida, seier Norill Terese Norheim.

Namnet på plata, «Jostedal», var eit naturleg val for gruppa. Men gruppenamnet, «Ein haile halve maone», seier seg kanskje ikkje heilt sjølv. -Under ei idémyldring såg me ein plakat til filmen «Et helt halvt år», og me tenkte det var kult å gjere ein sognavri på det. Då fann me på namnet «Ein haile halve maone». Me tenkte vel eigentleg ikkje at namnet skulle bli hengande ved oss, men slik vart det, fortel bassisten i gruppa Anders Vassli Brekke.

Albumet blir lansert både digitalt og på fysisk CD fredag 2. august. Same dag har gruppa
lanseringskonsert på Landsfestivalen i Vestnes, dette kan du få med deg dersom du møter opp i matteltet kl 17.00 fredag! 

 

Ein haile halve maone har plateslepp på Landsfestivalen i gammaldansmusikk.