Fredag 4 august kl 19.30-20.30
Storsalen Førdehuset
Ledige billettar, kjøp dei her på nett eller stikk innom stemnekontoret i Førdehuset!
Sigrid Moldestad m/band
Sigrid Moldestad har arbeidd seg opp til å bli ein kjend og kjær musikkartist, med ei rekke gode album på merittlista. Ho vart kåra til Årets Folkemusikar i 2010 og debuterte med plata «Taus» i 2007 som ho også fekk sin første Spelemannspris for. Ho er musikar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar, med solide røter i folkemusikken ho vaks opp med i Breim. Med åra har det blitt mange prisar og utmerkingar.
Ho er ein allsidig artist som ofte blir omtalt som grenselaus, og ein god formidlar. Når ho kjem til Førde og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, så er det med fullt orkester vel vitande om å vere på heimebane i sin eigen kulturarv.
Sigrid har etter kvart innarbeidd eit rikt og breitt repertoar, så kva som dukkar opp i konsertane hennar er alltid spennande. Men, det er alltid av høg kvalitet og med godt humør.
Billettpris kr 350,-
Billettpris born under 15 år kr 175,-
Klikk her for å kjøpe billett til konserten!