Tidlegare denne veka gjekk påmeldingsfristen til Landsfestivalen i gammaldansmusikk ut, og på festivalen i Kinsarvik vert det 170 startnummer fordelt på 935 deltakingar. 625 unike deltakarar skal delta, noko som er tilsvarande som deltakinga i Skjåk i 2018. Tevlingane pardans senior og gruppespel har flest startnummer, medan durspel senior er den største soloklassen med 23 deltakarar. For første gong på mange år er det også påmeldt deltakarar i pardans junior!

Tevlingsleiar i Kinsarvik, Øystein Velure, er glad for den gode deltakinga i år:
«Det er veldig bra påmelding. Det er mykje lokale utøvarar på lista, noko som er veldig kjekt, i tillegg til at utøvarar frå resten av landet vil vere med. Det er ikkje så lett å skulle konkurrere mot Gudbrandsdalen i tal utøvarar på festivalen, sidan det er midt i smørauget for runddansmusikken. Målsetninga var å tangere deltakartalet i Gaupne, som var naturleg å samanlikne seg med, og vi har kome dit og då er vi fornøgde med det. Dansegolvet er allereie kome på plass, og det skal bli mykje musikk å danse til. I tillegg har vi hatt eit styrevedtak i laget på at vi skal ha godt vêr under festivalen, så det ligg godt til rette for ein god festival», seier Øystein Velure.

Startlistene finn du på www.startliste.folkorg.no

 

Dersom du skal delta og har ønskje om endra startnummer (må grunngjevast), må du gje tilbakemelding om det innan 17.juli kl. 12.00. Tilbakemeldinga gjev du til Marta Lindvik på e-post: marta@folkorg.no eller telefonnummer: 976 97 753. 
 

Kulturprogram under festivalen
Fjordahallen i Kinsarvik vert hovudarena for tevlingane, med øvingsrom på skulen rett ved sidan av. I tillegg til tevlingane, vert det fleire konsertar på blant anna M/S Lindenes på fjorden, plateslepp med Honndalsmusikken og Gamlebanken spelemannslag, kvedarkonsert i kyrkja og sjokoladefestival og danse- og leikestund for barn og unge. Torsdag kveld er opningskonserten "Blomen", som Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken er regissørar for. Her får folk med seg den varierande gamaldanstradisjonen i Hardanger, samt noko nyskapande. Publikum får møta spelemannslag, soloutøvarar, orkester, og gjensyn med artistar som ikkje er så ofte å sjå lengre. Festivalen vert avslutta søndag med folkemusikkmesse og meisterkonserten.

Dansespel
Dansespellistene fredag kveld under festivalen er fylt opp, men det er  framleis mogeleg å melde seg på dansespel dei andre kveldane. Ta kontakt med Alexander Røynstrand på e-post: roynstrand@hotmail.com eller på telefonnummer: 906 26 084, dersom du ønskjer å melde deg på. 

 

12-1 Indre Sunnfjord Spelemannslag foto Audun Stokke Hole.jpg
Indre Sunnfjord Spelemannslag deltok både i lagspel fele/hardingfele og lagdans i 2018, noko dei også gjer i år. Foto: Audun Stokke Hole