Dato: fredag 5. august 
Klokkeslett: 20.30
Stad: Vågåhallen
Billettpris: 300,- 
Billett til konserten kjøper du her

Første del blir til dels ein mimrekonsert med legendariske Vågå toradergruppe og tidlegare vinnarar av Landsfestivalen frå Vågå. Her kan du møte Jutullaget, Nye Ringnesin, Visdals kvintett, Sprell, Vågå toradergruppe, Vågå spelmannslag, Øyvind Sandum, og ikkje minst stjernetrioen Bjørn Kåre Odde/Vegar Vårdal/Alf Hulbækmo - profesjonelle musikarar som alle er busette i Vågå.

Vågå ToradergruppeVågå Toradergruppe. Foto: Tonje Ulsletten

Andre del av konserten blir med Ola Kvernberg og Stian Carstensen, som òg sikkert har eit skråblikk på gammaldansmusikken.

Kvernberg/Carstensen Duo

Duoen består av velkjente og velrenommerte Ola Kvernberg på fele og bratsj og multiinstrumentalist Stian Carstensen på trekkspel og banjo. Duoen er kjent for sine livlege framføringar, speleglede, driftige virtuositet og kompetente musikalske humor. Her blir det eksperimentert med kva som skjer når ein puttar alt i ei og same gryte! Frå jazz og klassisk, blues og bluegrass til engelsk pop og balkanrytmer. Båe er oppvaksne med folkemusikk og gammaldans og har frå tidleg alder brukt dette som basis for improvisasjon. Kvernberg har fått Spellemannprisen og Carstensen har vore nominert til Nordisk Råds musikkpris.

Billett til konserten kjøper du her