Ny klasse for alle juniorar
Etter mange år med låg deltaking i fleire av juniorklassane, har hovudkomiteen for Landsfestivalen i samarbeid med FolkOrg bestemt at vi slår saman alle soloklassane for juniorar til ei klasse som ei prøveordning på Landsfestivalen i 2022. 

Det vil seie at deltakarar i durspel, andre instrument, og fele/hardingfele konkurrerar saman i ei klasse. Vi håpar at dette kan skapa meir blest rundt juniorklassane, samt syte for at det blir finalespel, noko det ikkje vert om det er få påmeldte i ei klasse. 

Så er du mellom 12 og 18 år og har lyst til å stille som solist, meld deg på!


Tevling for alle, ikkje berre dei beste
Det er verd å merke seg at det ikkje er snakk om noko SUPER-klasse der kun dei beste skal/bør melde seg på. Vi har kalla det Super-Junior fordi det er “supert” at så mange som mogleg vil delta og vi meiner at alle juniorar er super-viktige. Alle som vil kan delta i ei og same klasse, der det ikkje er fokus på kven som er best på torader, fele eller andre instrument. 

Vi håpar at ved å slå saman juniorklassane vil det bli artigare å delta og ikkje så skummelt som det kan vera når det er få deltakarar i ei klasse. Det viktigaste er å delta! 


Premiar og Furestipend! 
Det vankar pengar i premie til dei tre beste i juniorklassa. 

Nr 1. får 3000 kroner
Nr 2. får 2000 kroner
Nr 3. får 1000 kroner
Alle deltakarane får deltakarpremie som vert noko alle kan like. 

Den som vinn klassa for Super-junior får 10 000 kroner i Furestipend som er gjeve av Furestiftinga. Dette er i tillegg til førstepremien som er gjeve av lokal arrangør Vågå Trekkspelklubb. Det vil seie at vinnaren av Super-junior får heile 13 000 kroner med seg heim. 

Det viktigaste er som sagt å delta, og vi vonar at mange juniorar vil væra med på tevling på årets Landsfestival! 

Tevlingsdagen er torsdag med finale om kvelden.

 

Påmelding til FolkOrg
Det er FolkOrg som tek i mot påmeldingane til Landsfestivalen. Du treng medlemsnr for å få meldt deg på til tevlinga, og dette kan du få ved å ta kontakt med administrasjonen i FolkOrg. Det vekslar på kven som har vakt, men no kan du ta kontakt med: 

Liv Annette Nygjerdet
Tlf 93 41 93 82 
Epost livannette@folkorg.no 

Dersom du slit med å få logga deg inn på grunn av manglande passord eller epostadresse så kan du og ta kontakt så skal vi melde deg på og sende faktura i etterkant. Det er litt krøll i systemet som vi vonar å få ordna til neste år. Men FolkOrg hjelp med glede til så alle får meldt seg på utan å bli alt for frustrerte. 


Her kan du melde deg på 


Trykk her for å sjå fullstendig tevlingsplan

 

Dei har alle vore juniorar ein gong!