Det fine sommarveret har motivert til fine fjellturar denne sommaren, og mange planlegg no å gå til Skjåk på Landsfestivalen. Både i Luster og på Lesja har eldsjeler initiert eigne «gå-på-Landsfestivalen»-turar. Spelemenn og -kvinner, dansarar og andre gammaldansinteresserte gler seg på festival, og denne gongen blir det altså med ein sosial fjelltur som prikken over i-en.

Gladgjeng frå Lesja
I år, som for ti år sidan, går medlemmar frå Lesja toraderklubb, «På 2. rad», over fjellet til Skjåk på Landsfestivalen. Dette er ein tur som tek om lag fem timar, og dei som er med på turen vert belønna med servering på Aursjoen før dei kjem til Bismo. Lesja toraderklubb har eksistert i 22 år og det viktigaste i klubben er samhaldet og miljøet. Gjengen frå Lesja har vore på alle Landsfestivalane sidan 1997 med unntak av ein. Dei storkosar seg med buskspelet og det sosiale på campingplassen og tykkjer det er triveleg å både sovna og vakna til gammaldansmusikk, men dei seier og at dei likar å vere deltakarar.

-Vi har nok markert oss mest i det sosiale livet på campingplassen, men vi tykkjer det er utruleg stas at den nye klassa for toradar- og trekkspelklubbar har kome på tevlingsprogrammet, seier den lystige gjengen.

Lesja toraderklubb lagar annakvart år kulturkveld med toradermusikk og sketsjar i skjønn foreining. Dette er kveldar som har vorte veldig populære i heimbygda, og er ei viktig inntektskjelde for klubben. Overskotet går naturlegvis til sosiale hendingar, og i år skal dei til Italia.

-Men no gler vi oss mest til tur over fjellet og musikk heile døgnet under Landsfestivalen i gammaldansmusikk!

To fylker – mykje utveksling
Ferdselsvegen frå Jostedalen i Luster kommune i Sogn over Handspiki til Sota seter i Skjåk i Gudbrandsdalen har, historisk sett, vore mykje nytta til både fedrift, handel og sosial kontakt. Innafor runddansmusikken finn ein mange slåttar som har vandra mellom dalføra. No tek ein stor gjeng frå Jostedal Spel- og Dansarlag og Lystringen opp att tradisjonen og går turen over Handspiki til Landsfestivalen. -Turen startar ved Styggevatnet onsdag 1. august kl. 09.00 og det vert lagt opp til eit tempo som alle taklar, seier Arve Bjørn Røneid, ein av eldsjelene i folkemusikk- og gammaldansmiljøet i Sogn. -Her er det berre å slengje seg med for den som vil, held han fram.

Det var under eit styremøte i Jostedal Spel- og Dansarlag at idéen vart lagt på bordet, og langtidsvarselet hjå Yr melder at dette blir ein godverstur med innlagt spel og dans på vegen. Om du ynskjer å melde deg på turen, eller få oppdateringar, kan sjekke ut sida GÅPÅFESTIVAL 18 på facebook.

Men det er ikkje berre onsdagen det kjem folk farande frå Sogn. Ein delegasjon frå «Lystringen», som har vunne lagdansen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk fleire gonger, reiser onsdag kveld opp til Styggevasshytta. Der vert det rømmegraut, spekemat, kaffi, kaker, spel og dans, før dei torsdag går same turen over til Skjåk som delegasjonen dagen før.

Lesja Toradergruppe.jpg
Lesja toradergruppe gler seg til Landsfestivalen og mange av dei tek turen til fots!

Lystringen - 01 - LF17, lagdans sr - Foto Runhild Heggem_700x467.jpg
Danselaget "Lystringen" har vunne lagdans på Landsfestivalen fleire gonger og no vil dei kanskje danse seg til Skjåk over fjellet!
Foto: Runhild Heggem

Jostedal Spel- og Dansarlag_800x450.jpg
Jostedal Spel- og dansarlag har fått med seg ein stor gjeng til å gå over fjellet, og vil du og være med kan du hengje deg på!