Folkemusikken har lange røter i Vågå. Denne utstillinga viser glimt frå livet med folkemusikk, til kvardag og fest – i glede og sorg. Som ein del av utstillinga er det også innreda ei spelemannstugu som inviterer til buskspel under festivalen.

Utstillinga er laga av Gudbrandsdalmusea, i samarbeid med Vågå spel- og dansarlag og Vågå trekkspelklubb. Ho er open kvar dag under Landsfestivalen, frå kl. 11-17, og er ein del av sommarprogrammet i Ullinsvin. 

Sjå www.ullinsvin.no for heile programmet.
Tid og stad: Galleri Ullinsvin, Kvar dag under festivalen, kl. 11-17

 

I glede og sorg