På Landsfestivalen i gammaldansmusikk er det til saman femten tevlingsklasser, og to av desse klassane er lagdans junior og pardans junior. Desse klassane har ikkje hatt deltakarar dei siste åra, og vi oppmodar juniorar til å stille i dans på festivalen i Kinsarvik i sommar! Vi oppmodar også fleire juniorar deltek i spel-klassane på festivalen, både som solistar og i samspel med andre. Påmeldinga opnar 24. mai. 

Desse tevlingsreglane gjeld for juniorane i dans på Landsfestivalen:

Pardans junior

  • Paret blir dømt samla.
  • Det er maks ni par i kvar av kvalifiseringsrundane.
  • Paret skal under kvar runde velje sjølv å danse to av desse fire dansane: pols/masurka, reinlender, vals og polka. Desse dansane skal deltakarane gje opp når dei melder seg på.
  • Para blir delte i kvalifiserings- og finalerundar etter kva dansar dei skal danse. Elles blir parfordelinga trekt.
  • Det skal vere minimum to grupper som spelar til tevlinga. Både pols- og masurkatradisjonen skal vere representert. Gruppene blir valde ut av den lokale arrangøren i samråd med FolkOrg.
  • Finalistane kan bli tekne frå alle kvalifiseringsrundane.
  • Det er høve til å danse med følgje.
  • Det er høve til å stille med erstattar dersom ein dansar i paret har forfall.

Lagdans junior og senior

  • I lagdans skal det vere minimum fem par og maksimum ti par.
  • Laga skal velje ein dans av desse fire dansane: pols/masurka, reinlender, vals og polka.
  • Laget oppgjev kva dei ynskjer å danse, ved påmelding.
     

Desse klassane kan ein delta i som junior på Landsfestivalen i gammaldansmusikk:

  • Andre instrument junior
  • Durspel junior
  • Fele/hardingfele junior
  • Lagdans junior
  • Pardans junior
  • Samspel junior

 

Skjåk Spel-og Dansarlag junior - Lagdans jr - Foto Runhild Heggem.jpeg
Skjåk Spel- og dansarlag stilte med lag i lagdans junior på Landsfestivalen i Lom 2015. Foto: Runhild Heggem