Det vert gradert tevlingsavgifta, samt ein reduksjon i tevlingsavgifta ved fleire deltakingar.
Endeleg påmeldingsfrist er 7. juli.
Du kan delta i desse klassane:
Gruppespel
Lagspel fele/hardingfele
Lagspel durspel/trekkspel
Samspel senior
Samspel junior
Solo durspel senior
Solo andre instrument senior
Solo fele/hardingfele senior
Super junior
Lagdans
Pardans senior
Pardans junior
Tevlingsavgift 24. mai – 16. juni
Senior:
350 kr for første påmelding
200 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare
Junior:
200 kr for første påmelding
50 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare
Tevlingsavgift 17. juni – 7. juli
Senior:
450 kr for første påmelding
300 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare
Junior:
300 kr for første påmelding
150 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare
Ein melder seg på som deltakar via nettsida til FolkOrg.
Du treng medlemsnummeret ditt i FolkOrg for å melde deg inn, dette finn du på fakturaen du har fått for 2023.
Meld deg på: https://tevling.folkorg.no
All tevlingsavgift går til lokal arrangør.
Tevlingsplan
Den førebelse tevlingsplanen finn du her: Tevlingsplan for Landsfestivalen i Førde
Alle som deltek på Landsfestivalen må vere medlem i FolkOrg.
Les meir her: www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg.
Medlemskap i FolkOrg kostar 320 kr for vaksne, og 100 kr for born.
Vi oppmodar alle deltakarane om å lesa tevlingsreglane for den/dei klassane dei skal delta i: https://folkorg.no/tevlingsreglement/
Ny klasse for alle juniorar “Super-Junior”
I 2022 vart det oppretta ei ny klasse for alle juniorar i soloklassene. Dette var ei prøveordning i 2022, som styret i FolkOrg har valt å vidareføre klassa også i Førde i 2023. Grunnlaget for den nye klassa var at det ha vore så få påmeldte i solistklassane for juniorar, no er det større moglegheit for at det vert finalespel for juniorane.
Dansespel
Det er opna for påmelding til dansespel og miljøspeling her.
Meld dykk på så snart de kan, det kan bli fulltenga dansespel-lister tidleg i år og.
Ein melder seg på som deltakar via: https://tevling.folkorg.no
All tevlingsavgift går til lokal arrangør.
Påmelding til FolkOrg
Det er FolkOrg som tek i mot påmeldingane til Landsfestivalen.
Har du spørsmål kring påmeldinga til tevling kan du gjerne ta kontakt med oss.
Live Visdal
Tlf 974 15 515
Epost live@folkorg.no