Les gjennom vilkåra for festivalcampingen før du bestiller deg plass. 
 

Festivalcamping
Det vert festivalcamping med 186 plassar til campingvogn/bubil i samband med Landsfestivalen i Førde. 
Det 10-15 minutt i gangavstand (1 km) frå Førdehuset/festivalområdet.

Her kan du bestille dei campingplassane du ønskjer på festivalcampingen. Dersom du skal ha fleire plassar løner det seg å ha betalingsinformasjon (bankkort eller vipps) klart når du legg plassane i handlekorga. Du kan legge til ein plass om gongen og betale samla. Dersom du brukar for lang tid på å gjennomføre kjøpet kan plassen verta kjøpt av andre. Sjå over at du har valgt rett plassar før du gjennomfører betalinga. Når betalinga er gjennomført er plassen/plassane dine. Selde plassar er ljosegrå og ikkje mogleg å klikke på i oversikta. 

Plassane F1 - F30 kostar 1700 kr - desse er utan straum. 

Plassane F31 - F186 kostar 2000 kr - desse er tilknytta straum. Du må sjølv vurdere om du treng straum på vong/bubil. 


NB! prisen for plassen gjeld frå tysdag til sundag, det er same prisen uavhengig av når du kjem. 


Her kan du kjøpe plassar som er tilknytt straum

Her kan du kjøpe plassar som ikkje er tilknytt straum
 

NB! Les kjøpsbetingelsane for campingplass på Landsfestivalen her

NB! på kvitteringen på epost/vipps står det "Landskappleiken", det er ikkje noko å bry seg med, det er feil tekst og vil bli retta til FolkOrg. 

Kontaktperson for overnatting på Landsfestivalen 2023
Joar Solheim 
joar@landsfestivalen.no 
Tlf: 913 33 244 

(Dersom du har spørsmål kring nettbutikken ta kontakt med livannette@folkorg.no / tlf 93419382)