Deltakarbillett gjeld som festivalpass.

  • Meisterkonserten er inkludert i festivalpasset (men ver tidleg ute).
  • Festivalpass og dagsbillettar vil bli selde på stemnekontoret og i infobua utanfor kulturhuset.
  • Barn under 16 år får gratis dagsbillett og festivalpass.
  • Om du ikkje tevlar men speler til dans får du dagsbillett. Denne kan du hente deg både på stemnekontoret og i infobua på festivalområdet. 
  • Sjå oversikt over konsertbillettar lenger ned på sida. 


Onsdag vil vi invitere alle til gratis inngang på festivalområdet, slik at alle kan kose seg med god mat og drikke den gode dansemusikken og kanskje litt buskspel! Dansen byrjar kl. 21:30, og det blir anledning til å kjøpe seg mat og drikke i matteltet og i grillen før dette og. 

Opningskonserten onsdag startar kl 20.00 og billettprisen for opningskonserten er kr 200,-.  


Festivalpass/gjennomgangsbillett

Torsdag - sundag
Medlem i FolkOrg: Kr 900,-
Ikkje medlem: Kr 1 050,-

Ungdom mellom 16 og 18 år: Kr 400,- / Medlem i FolkOrg kr 350,-

Fredag - sundag
Medlem i FolkOrg: Kr 700,-
Ikkje medlem: Kr 850,-

Ungdom mellom 16 og 18 år: Kr 400,- / Medlem i FolkOrg kr 350,-

Dagsbillett 
Dagsbillettane gjeld både på dagtid og kveldstid.
Onsdag: Gratis inngang på festivalområdet. Opningskonsert onsdag kveld kr 200,-.
Torsdag, fredag, laurdag: kr 300,-
Meisterkonsert sundag: Kr 250,-

 

Konsertbillettar

Opningskonsert i Vågåhallen
Onsdag kl 20.00
Kr 200,- 
Billettsalg på nettsida til Vågå kommune
Eller på festivalkontoret/infobua
 

Anders Sørensen-konsert i Vågåkyrkja
Torsdag kl 23.00
Kr 300,-
Billettsalg på nettsida til Vågå kommune
Eller på festivalkontoret/infobua
 

OrgeLeik i Vågåkyrkja
Fredag kl 12.00
Kr 150,- 
Billettsalg i døra
 

Storkonsert i Vågåhallen
Fredag kl 20.30
Kr 300,-
Billettsalg på nettsida til Vågå kommune
Eller på festivalkontoret/infobua
 

Nordsjøhistorier i Kulturhuset
Laurdag kl 18.00
Kr 200,- 
Billettsalg på nettsida til Vågå kommune
Eller på festivalkontoret/infobua
 

Meisterkonserten i Vågåhallen
Sundag kl 12.00
Kr 250,- 
Billettsalg på festivalkontoret/infobua
Meisterkonserten er med i gjennomgangsbilletten, men det kan bli fullt. 
 

Alle konsertar, med unntak av OrgeLeik-konserten får du kjøpt billett til gjennom Vågå kommune sine nettsider, eller på stemnekontoret og infobua under Landsfestivalen. 

Guida tur og konsert med Jutullaget på Flåten blir arrangert av Nordheradsprosjektet. Ved spørsmål, kontakt Jo Kåre Bakke på 971 66 203.

Les meir om dei ulike konsertane her

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål

 

Opningstider stemnekontoret

Tysdag: 12:00 - 20:00

Onsdag - laurdag: 08:00 - 24:00

Sundag: 08:00 - 16:00