Alle kan hjelpe til med noko!
Vi treng hjelp med både små og store oppgåver. Det kan vere matlaging, servering, rydding, vakthald, rigging av scene, følje utøvarar til og frå scena, hjelpe til med å rigge campingplassar og arenaer, lage aktivitetar for born og unge, og mykje meir.

Du kan melde deg som frivillig ved å trykke på knappen nederst på sida eller send oss ein e-post eller ein sms så finn vi ein oppgåve til deg. Meld gjerne kva kva slags oppgåver du vil ha, så skal vi prøve å innfri alle ønskje. Du skal få god rettleiing, slik at du meistrar oppgåvene.

Meld deg på for å vere med på ein sosial og morosam dugnad, der du får høve til å oppleve Landsfestivalen frå innsida!

I tillegg til opplevinga får du dette som frivillig:

  • T-skjorte
  • Mat og drikke undervegs i vakta
  • Invitasjon til dugnadsfest
  • 1 vakt gjev valfri dagsbillett
  • 2 vakter eller meir gjev gjennomgangsbillett til arenaen/tevlingar inkl. Meisterkonserten. (Nb! Gjennomgangsbillett gjeld ikkje andre konsertar på Landsfestivalen).

Kontaktperson for frivillige:
Per Ove Røe
Tlf 99463691
E-post: per.ove@landsfestivalen.no

Tusen takk for at vil vil vere med!

MELD DEG SOM FRIVILLIG HER