Mat og drikke
Vi har fire serveringsstader under festivalen: Matteltet, Kulturhuskafeen, grillen og Søre Bu. I tillegg blir det mogleg å få kjøpt seg drikke inne i hallen.

I matteltet finn du varmmat, forskjellig brødmat, kaffemat og alt av drikke. I grillen får du grillmat og forskjellig drikke, medan Kulturhuskafeen har sal av kaffe, kaker og eit mindre sortiment av drikkevarer. Tilbodet på Søre Bu er omtala i eit eige avsnitt. Velkomen innom!

Søre Bu
Nytt av året er kafeen på Søre Bu, ved felemakarverkstaden ovanfor festivalområdet. Her blir det buskspel, CD-slepp og sjølvsagt servering. Her vil vi tilby enklare matrettar som kjøtsuppe, vaflar, påsmurt og kaker, samt alt av drikke. På Søre Bu har vi servering både inne og ute, og om været blir bra vil det bli moglegheit for ein svingom på plenen framfor tømmerbygget.

Opningstider på serveringsstader

Matteltet 
Onsdag: 13.00 - 02.00
Torsdag - laurdag: 09.00 - 02.00
Sundag: 09.00 - 17.00

Vi serverar varmmat i matteltet frå 13.00 - 20.00

Grillbua
Onsdag - laurdag: 14.00 - 02.00

Kulturhuskafeen
Onsdag - laurdag: 09.00 - 21.00
Sundag: 10.00 - 16.00


Søre Bu 
Torsdag, fredag og laurdag: 11.00 - 23.00
 

Søre Bu

Søre Bu - fiolinmakerverkstaden

Kjøkensjef Kristin Gjerdet Langlais

Kjøkensjef under Landsfestivalen, Kristin Gjerdet Langlais