Matteltet
Her serverer vi god heimelaga middag, i tillegg til vaflar, påsmurt, kaker, is og forskjellig drikke. Menyen vil variere frå dag til dag.

Alle middagsrettane våre er glutenfrie og vi kan tilpasse maten til andre allergiar også. Blant våre middagsrettar finn dykk rummegraut og spekemat, reinsskav, morr og lefse, sjøaure med agurksalat og medisterkaker.

Kulturhuskafeen
Dette er det fyrste som opnar kvar morgon. Her har vi eit lettare mattilbod enn i matteltet, her finn dykk diverse påsmurte baguettar, wienerpølse, frukt, kaker, kaffe, iskrem og forskjellig drikke. Har du gløymt frukosten er dette staden å oppsøkje!

Grillen
I grillen finn dykk forskjellig mat som grillpølser, hamburger, reinsburger, og ikkje minst bakt potet med masse tilbehøyr. Grillen er open til alle har reist att frå festivalområdet om kvelden, så her er det moglegheit for nattmat!

I tillegg har vi sal av drikke fleire stader utanom desse nemnt ovanfor, og sjølvsagt har vi sal av både alkoholhaldig og alkoholfri drikke inne i hallen.


OPNINGSTIDER

Onsdag:
Matteltet: 13.00 - 02.00
Middags servering: 13.00 - 20.00
Grillen: 14.00 - 02.00
Kulturhuskafeen: 12.00 - 21.00

Torsdag, fredag og laurdag:
Matteltet: 10.00 - 02.00
Middags servering: 13.00 - 20.00
Grillen: 14.00 - 02.00
Kulturhuskafeen: 08.30 - 21.00

Sundag:
Matteltet: 09.00 - 17.00
Middags servering: 13.00 - 17.00
Kulturhuskafeen: 09.00 - 17.00


MENY

Middagsrettar
Middagsservering kl. 13.00 – 20.00

Medisterkaker
Med grønsaker, poteter og saus
kr 250

Reinsskav
Med potetmos og grønsaker
kr 250

Sjøaure
Med agurksalat, poteter, grønsaker og saus
kr 250

Morr og lefse
Med poteter og makaroni
kr 250

Rømmegraut og spekemat
Kr 250

Lapskaus
Kr 250

Dagens suppe
Kr 175

Grillmeny
Grillen er open kl. 14.00 – 02.00

Hamburgar med salat
Med sylta lauk og grønt
kr 180

Reinsburger frå Vågå Tamrein
Med salat, sylta lauk og grønt
kr 210

Grillpølse med lompe
Kr 60

Kjøttkake frå Moens på gaffel
Kr 40

Bakt potet
Med bacon, ost, rømme og grønt
kr 150

 

Småretter
Kjøttkake på gaffel – kr 45
Påsmurt – kr 65
Vaffel – kr 60
Wienerpølse – kr 40

Søtt til kaffien
Wienerbrød og kaker – kr 45
Kroneis – kr 40
Lollipop og PinUp – kr 30

Drikke
Kaffe og te – kr 40
Mineralvatn – kr 55
Munkholm og eplemost – kr 75
Solrik – kr 35
Øl – kr 115
Glas vin – kr 125
Cider – kr 110