Parkering for festivalgjestar
Alle som vil på dagsbesøk til Landsfestivalen kan parkere ved hallen på eigen stor parkeringsplass. 
Det er stengt i vegen gjennom sentrum for å sikre trygg festival-arena for store og små. Det er overgang for deltakrarar og gjestar over vegen mellom skulen og hallen så det er trygt for alle at vegen er stengt. 

Kjem du frå Otta-kanten?
Kjør inn første rundkjøringa mot Vågå sentrum (mot Villa Vågå hotell). 
Kjør over brua og gjennom sentrum til du kjem til parkeringsvakter i gata - dei viser folk til parkeringsplassar. 

Kjem du frå Loms-kanten? 
Kjør rett fram i første rundkjøringa - altså ikkje inn ved YX, men vidare til neste rundkjøyring. 
Kjør over brua og gjennom sentrum til du kjem til parkeringsvakter i gata - dei viser folk til parkeringsplassar. 

Besøk gjerne Vågå sentrum! 
I festivalveka er det pynta til festival i heile sentrum! Ta gjerne turen innom dei koslege kafeane og butikkane i sentrum. Plutseleg dukkar det opp musikantar her og der i sentrum og! 
Laurdag er det SUPERFESTIVAL utanfor kommunehuset!