Sundag rundar vi av Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2026 med den tradisjonsrike meisterkonserten. Etter fleire dagar med tevling, dans og musikk er det endeleg tid for å heidre dei fremste utøvarane.
Under konserten vert resultata i finaleklassane kunngjorde, og ein etter ein får vi vete kven som tek tredjeplassen, andreplassen og til slutt kven som vinn dei ulike klassane. Dei tre beste i kvar klasse det har vore finale i gjev oss ein smakebit tevlingane, og publikum får difor oppleve glimt av det aller beste Landsfestivalen har å by på.
Meisterkonserten er samstundes ei verdig avslutning på festivalen. Vi takkar årets arrangør Vågå Trekkspelklubb for innsatsen og ønskjer velkomen til neste års Landsfestival, som blir arrangert på Lampeland av Tradisjonslaget i Kongsberg trekkspelklubb og Numedal Spel- og dansarlag.
Vel møtt til ei stemningsfull avslutning der vi feirar prestasjonane, tradisjonane og musikkgleda saman!
Billettar
Alle med gjennomgangsband/deltakarband kjem inn utan ekstra billett. Men, som tidlegare kjentgjort kan det verta fullt så det garanterar ikkje inngang.
Billettpris:
Born under 16 år: Gratis
Ungdom 16-18* år: kr 200,-
Vaksen kr 300,-
Vi sel restbillettar i billettbua ved inngangen til matteltet, antall billettar som er att veit vi ikkje, det vert først til mølla her.
Meisterkonsert 2026
Her er rekkefølga på konserten:
Lagspel durspel og trekkspel 3. plass
Fele/hardingfele senior 3.plass
Durspel senior 3.plass
Samspel senior 3.plass
Super Junior 3.plass
Trekkspel senior 3.plass
Gruppespel 3.plass
Lagspel fele/hardingfele 3.plass
Durspel senior 2. plass
Fele/hardingfele senior 2. plass
Lagspel durspel og trekkspel 2. plass
Samspel senior 2. plass
Super Junior 2. plass
Trekkspel senior 2. plass
Lagspel fele/hardingfele 2. plass
Takk til arrangøren
Velkommen til Lampeland 2027
Lagdans junior
Lagdans senior
Durspel senior 1.plass
Lagspel durspel og trekkspel 1.plass
Fele/hardingfele senior 1.plass
Trekkspel senior 1.plass
Lagspel fele/hardingfele 1.plass
Samspel senior 1.plass
Pardans senior
Super Junior 1.plass
Gruppespel 1. og 2. plass
Takk for laget og vel møtt på Lampeland!
Informasjon til utøvarar:
Alle som er topp tre i klassane det har vore finale i skal møte til meisterkonsert sundag.
Oppmøte for alle som skal delta er seinast kl 11.00 i Vågå kulturhus. Dersom nokon er forhindra frå å delta på meisterkonserten må ein melde frå om det så snart som rå.
Kontaktperson for meisterkonserten:
Ingeborg Ulberg Sommer
Tlf: 452 58 237
ingeborg@folkorg.no

