Årets framsyning er:
Heilt øre!
Ein gammaldansfantasi
Drøymer du om å danse? Om den beste musikken å svinge seg til ein sommarkveld? Om å svinge rundt på dansegolvet, rundt og rundt til du blir heilt øre?
Vi drøymer om gammaldans, både den vi har høyrt og den vi ikkje har høyrt. Vi fantaserer om den beste musikken, om kva gammaldansen har vore og kva han kan bli. Og vi har med oss eit vell av Vågå sine beste utøvarar, frå dei aller ferskaste til dei som har spela eit heilt langt liv. Det blir kjende slåttar og nye låtar, solistar og full scene, melankolsk, roleg, vakkert, dansbart og med fullt trøkk. Kva vi vil med konserten? Gjere deg og resten av publikum heilt øre av begeistring!
Vegar og Mette Vårdal
Medverkande:
Vegar Vårdal – komponist og musikalsk ansvarleg
Ragna Valde Sletten – komponist og musikar i husbandet
Bjørn Kåre Odde – komponist og musikar i husbandet
Inge Gjevre – komponist og musikar i husbandet
Vegard Hansen – musikar i husbandet
Martin Steinum Brun – solist
I tillegg medverkar Vågå trekkspelklubb, Skultbakkalaget, Gudbrandsdalen hardingfelelag, elevar frå Vågå kulturskule leia av Clyde Bonifacio og Vilde Vårdal med fleire.
Fredag 31. juli
Kl 19.00
Vågåhallen
Inngang: 300 kr
Born til og med 18 år kjem inn gratis

