Her kjem praktisk informasjon som er verdt å få med seg for deg som deltakar:
Stemnekontoret ligg på barneskulen i Vågå, rett på andre sida av vegen for festivalområdet.
Øvingsrom er på ungdomsskulen, ikkje langt rå barneskulen. Vi ber alle deltakarar om å møte i god tid før du skal tevle. Det varierer litt frå tevling til tevling kor mykje tid du har på øvingsrommet før du skal på scena, det er på grunn av størrelsen på klassa og om det er solo eller grupper/lag klasser. Lagdans har ca. 20 min på øvingsrom, solo-klassane har 30 min. på øvingsrom og lag/grupper har mellom 30-45 min. på øvingsrommet. I tillegg er det beregna god tid for at alle skal komme seg frå øvingsrom til hallen, mellom 20-30 min. Det betyr at de må passe på å møte i god tid før de skal tevle. Helst 60-90 min. før. Vi ønskjer at du sjølv som deltakrar tek ansvar før å følge med på tevlinga som foregår inne i hallen, slik at du blir kjent med flyten i tevlinga og møter opp til rett tid for øvingsrom. Lagdansen og pardansen vil foregå i Kulturhuset på scena, slik det blir gjort på Landskappleiken. Det kan difor vera lurt å gå innom Kulturhuset å sjå på korleis det ser ut før ein skal tevle. Viktig å huske på å ikkje ha med for mange spelemenn/kvinner på scena, slik at det blir best mogleg plass å danse på.
I lag- og gruppetevlingar tilrår vi at det er ein kontaktperson som kjem for å registrere laget for å unngå at det blir kø og overfylt ved registreringa. De blir henta på øvingsrommet og følgt bak scena før de skal tevle. Me vil gjere oppmerksame på at de sjølv har ansvar for å møte på registreringa i rett tid!
Registrering av slåtter skjer i sekreteriatet i hallen når dykk kjem dit.
Dei som av ulike grunnar må melde seg av tevlinga, ber vi at gir beskjed så snart som råd til Ingeborg Ulberg Sommer i FolkOrg: ingeborg@folkorg.no
Velkomen til flotte dagar i Vågå, vi gleder oss!
Helsing Kristin Teigen Stasviken, tevlingsleiar.

