Velkommen til Landsfestivalen som presse  
Dei som ønskjer å komme til Vågå for å dekkje landsfestivalen, kan melde seg via denne lenkja her: 
Klikk her for å lese meir og sende inn søknad om presse-akkreditering

NB! Vi kjem ikkje til å rekke å sende ut pressemeldingar med resultata i forkant av kunngjeringar av finalistar då det ofte er knapp tid for dommarar og resultatservice til å klargjere til finaler. 

Vi oppdaterer facebooksida til Landsfestivalen fortløpande med finalistar og anna info, følg oss gjerne på facebook: https://www.facebook.com/Landsfestivalen

Følg og med på www.landsfestivalen.no

På denne sida, nedanfor her, finn de lenkjer de treng for å finne resultat, bilete og kontaktinformasjon, men ta gjerne kontakt om noko er uklart. 

Kontaktperson for presse: 
Liv Annette Nygjerdet
Tlf 934 19 382
E-post: livannette@folkorg.no 


UTSENDTE PRESSEMELDINGAR: 
Her kan du lese pressemelding sendt ut 20. juli
Her kan du lese pressemelding sendt ut 28. juli

ARTIKLAR PÅ NETTSIDA: 
Onsdag på Landsfestivalen
Torsdag på Landsfestivalen


STARTLISTER
Startlister for Landsfestivalen 2026
Her finn du alle deltakarar for Landskappleiken i år, startlistene vert oppdaterte fortløpande ved eventuelle endringar.

Finalar
På Landsfestivalen i gammaldansmusikk er det finaler i nesten alle klassane. Det må eit visst antal deltakarar til for at det skal verte finale. Når finalistane er klare vert dei annonsert frå scena under tevlingane og på nettsida så snart dommarane er klare med resultata. Når finalistane er publisert på nettsida vert og resten av resultatlista publisert. Korleis rangeringa av topp tre vert, blir ikkje offentleg før på meisterkonserten sundag. 

Her finn de resultat etter kvart som dei vert publiserte: https://resultat.folkorg.no/

SUPER JUNIOR
I år er det heile 25 deltakarar i Super Junior. Dette er solistar til og med 18 år. Dei deltek i same tevling med ulike instrument. I år er det deltakarar i klassene fele/hardingfele, durspel, trekkspel og andre instrument og vokal. I mange år har det vore få deltakarar i dei ulike junior-klassene, slik at Super junior vart starta for å sikre at juniorar og fekk spele finale. No kjem dei med høgast poengsum, uavhengig av instrument, til Super junior finala, der det til slutt vert kåra topp tre som får delta på meisterkonserten sundag. I tillegg vert dei ulike instrumenta rangerte kvar for seg, slik at det er mogleg å vinne feks trekkspel junior utan å kome til finala i Super-junior. 

Tevlingsreglement
Det er styret i FolkOrg som har ansvaret for tevlingsreglementet til Landsfestivalen
Her kan de lese gjeldande tevlingsreglemet

Dommarar
Det er styret i FolkOrg som har ansvaret for å utnemne dommarar på Landsfestivalen.
Her kan de sjå kven som skal dømme årets Landsfestival


DELTAKARAR
Vi har laga oversikter der du kan sjå kven som deltek i dei ulike gruppene i gruppespel og samspel. Du ser òg kven som er kontaktperson for dei ulike gruppene. Vi har og sett opp noko geografisk tilhøyrigheit for alle klassane som er med i år, men merk at dette ikkje er utfyllande, det er omogleg å ha oversikt over alle geografiske tilknytningar. Vi vonar det kan vere til hjelp med å finne aktuelle deltakarar for ditt distrikt. 

Gruppespel: 
Gruppene med deltakarar, kontaktpersonar og geografisk tilhøyrigheit

Samspel junior og senior: 
Samspel-gruppene med kontaktpersonar og geografisk tilhøyrigheit
Junior-gruppene er utan oppsett kontaktpersonar. 

Lagspel og lagdans:
- Lagspel fele/hardingfele
- Lagepel durspel/trekkspel
- Lagdans senior og junior
Oversikt over alle laga her - nb! det er ei fane per klasse

Soloklassene - senior
Solist-deltakarar med tilhøyrigheit til lag og geografi

Soloklassane - junior
Solist-deltakarar i Super junior med tilhøyrigheit til lag og geografi

Vi deler ikkje kontaktinformasjon til solo-utøvarar. Dersom de ønskjer å komme i kontakt med enkeltuøvarar for intervju eller anna i forbindelse med Landsfestivalen må de finne fram til kontaktinformasjon til desse sjølve. Vi ber om at de kun nyttar oversiktene dersom de ønskjer å kontakte nokon av desse i forbindelse med deltaking på årets Landsfestival. 


FOTO
Fotografering av utøvarar på Landsfestivalen 2026
Vi kjem til å fotografere alle utøvarar som deltek i tevling. Vi lastar opp bilete så snart vi kan til FolkOrg sin Flickr-konto. Dei bileta som de finn i dette albumet kan de fritt nytta mot kreditering slik: 
Fotografnamn/FolkOrg. De kan og søkje etter utøvarar på FolkOrg sin Flickr-konto. 

I dette albumet kjem det bilete utover i festivalveka.

De kan og nytte bilete teke på tidlegare arrangement, vurder alder på bileta, etter same krediteringsreglar: FolkOrg har mange album på Flickr, de kan sjå dei i dette albumet her. 

Foto av årets arrangør, Vågå Trekkspelklubb
Vi har lasta opp nokre fotografi som syner lokal arrangør Vågå Trekkspelklubb frå tidlegare festival samt foto av hovedkomiteen. 
Desse kan de fritt nytte mot kreditering av fotograf. 
Du finn bileta i vårt Flickr-album her


Om Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år bortsett frå pandemiåra 2020 og 2021. Landsfestivalen i gammaldansmusikk er Noregsmeisterskapen i gammaldansmusikk og det tevlast i solospel, gruppespel, lagspel, samspel, pardans og lagdans. Tevlingane er inndelt i junior og senior. I tillegg har vi SUPERFESTIVAL* der dei yngste kan delta med song, spel og dans. Dette er ei mønstringstevling der alle deltakarane får diplom og premie. 

Arrangementet går over fem dagar i slutten av juli/byrjinga av august, og rundt 3000 – 4000 tilreisande og gjester kjem kvart år til landsfestivalen. Landsfestivalen er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg, organisasjon for folkemusikk og folkedans, som eig arrangementet, men kvart år er det ein lokal arrangør som er arrangør. Som oftast er dette eit av dei lokale spel- og dansarlaga i organisasjonen, og i 2026 er altså arrangørlaget Vågå Trekkspelklubb med Arne Stasviken som leiar av hovedkomiteen. Her ser ein kontaktinfo til heile hovedkomiteen.

Kva det tevlast i på Landsfestivalen:
Det skal tevlast i 16 klasser i år, og det er heile 1015 deltakarar som deltek, dette er ny rekord! Fleire av desse deltek fleire enn ein gong i løpet av veka. Det er totalt 303 startnr som skal i elden, og første tevlinga startar kl 15.00 onsdag 29. juli. 

Innan musikk vert det tevla i følgjande klasser: 
Solist Senior: Durspel, Trekkspel, Fele/hardingfele, Vokal/andre instrument.
Solist junior: Durspel, Trekkspel, Fele/hardingfele og Vokal/andre instrument - med felles Super junior finale. 
Lagspel: Lagspel fele/hardingfele, Lagspel durspel/trekkspel
Samspel senior og Samspel junior
Gruppespel 

Innan dans vert det tevla i følgjande klasser
Pardans senior (ingen påmeldte i pardans junior)
Lagdans junior og Langdans senior

Junior er deltakarar til og med 18 år. Senior er alle over 18 år. Alle under 18 år kan delta i lagspel og gruppespel. Det er ellers ingen inndeling i klasser. 

Fakta om Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Tid: 29. juli - 2. august 2026 
Stad: Vågå kommune, Innlandet fylke
Jubileum: 40 år sidan den første Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986. Landsfestivalen har sidan vorte arrangert kvart år bortsett frå pandemiåra 2020 og 2021. 
Arrangør: Vågå Trekkspelklubb i samarbeid med FolkOrg. 
Vågå Trekkspelklubb arrangerte òg Landsfestivalen i 2022. 
NM: Landsfestivalen i gammaldansmusikk tilsvarar Noregsmeisterskap i gammaldansmusikk og det tevlast i solospel, gruppespel, lagspel, samspel, pardans og lagdans. Tevlingane er inndelt i junior og senior. I tillegg har vi SUPERFESTIVAL der dei yngste kan delta med song, spel og dans.
Deltakarar: 1 015 påmeldte per 27.juni (rekordstor deltaking) 
Startnummer: 303 fordelt på 16 ulike klassar
Dugnadsspeling: Over 90 grupper og lag skapar liv og musikk på festivalarenaen og i heile Vågå sentrum gjennom festivalveka.
Dans: Publikum kan danse til nesten alle tevlingane. I tillegg skaper over 90 grupper og lag liv på dansegolva gjennom dugnadsspeling i festivalveka.
Høgdepunkt: Tevlingar med over 1000 deltakarar, Opningskonsert med 40 års feiring, tingingsverket Heilt øre -ein gammaldansfantasi, fire plateslepp, Bornas Landsfestival, Landsfestivalen juniorspelemannslag, meisterkonsert og mykje meir til.
Organisering: Landsfestivalen er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Kvart år blir festivalen arrangert av eit lokallag i organisasjonen. I 2026 er Vågå Trekkspelklubb vertskap for arrangementet.
Neste arrangør: Landsfestivalen 2027 blir arrangert på Lampeland i Flesberg kommune av Numedal Spel- og dansarlag og Tradisjonslaget i Kongsberg Trekkspelklubb. 


KONTAKTINFORMASJON: 

For meir informasjon om tevlingane og resultat: 
Liv Annette Nygjerdet
Kommunikasjonsrådgjevar i FolkOrg
Tlf 93419382
livannette@folkorg.no

For meir informasjon om kulturprogram, konsertar og borneaktivitetar: 
Tonje Eilin Ulsletten
Informasjon og marknadsføring
E-post: tonje@landsfestivalen.no
Tlf: +47 913 97 801

For intervju med leiar i hovudkomiteen: 
Arne Stasviken
Leiar for Landsfestivalen 2026
E-post: arne@landsfestivalen.no
Tlf: +47 924 95 680


Meir informasjon: 

www.landsfestivalen.no
Facebook: https://www.facebook.com/Landsfestivalen
Instagram: https://www.instagram.com/landsfestivalen
Snapchat-kanalen «folkemusikk norge» 



For spørsmål kring deltaking, resultat og foto, ta gjerne kontakt
Liv Annette Nygjerdet
Kommunikasjonsrådgjevar i FolkOrg
Tlf: 934 19 382
E-post: livannette@folkorg.no


*SUPERFESTIVAL erstattar den tradisjonelle sjokoladefestivalen der borna fekk sjokolade for å delta. No får dei istaden effektar frå FolkOrg sin nye maskott for born og unge, nemleg TUSTI. Les meir om Tusti og det nye profilprogrammet for born og unge her.