No er tevlingane verkeleg i gang!
Etter ein strålande opningsdag er vi klare for den fyrste heile festivaldagen i Vågå. Frå klokka 09.30 torsdag morgon og til den siste tonen kling ut om natta, blir det levande musikk, tevlingar og dans på fleire arenaer.
Onsdag vart jubileumsfestivalen offisielt opna i Vågåhallen. Dei fyrste deltakarane gjekk på scena i samspel senior og junior, før publikum fekk oppleve den varierte klassa solo andre instrument og vokal senior.
Ivar Schjølberg fekk Landsfestivalens heiderspris
Under opninga onsdag kveld vart Ivar Schjølberg frå Vågå tildelt den aller fyrste Landsfestivalens heiderspris. Styret i FolkOrg har oppretta den nye, årlege prisen i samband med 40-årsjubileet til Landsfestivalen. Prisen skal gå til ein person, ei gruppe eller eit lag som gjennom lang tid har gjort ein særleg viktig innsats for å fremje gammaldansmusikken og gammaldansen.
Ivar Schjølberg fekk prisen for det store og verdifulle arbeidet han har lagt ned som felespelar, dommar, tillitsvald, leiar og kulturberar. Han var ein av dei sentrale kreftene då Landsfestivalen vart etablert på midten av 1980-talet, og har gjennom mange tiår vore med på å byggje opp mykje av aktiviteten og miljøet som festivalen kviler på i dag. Prisen vart delt ut av styreleiar i FolkOrg, Kristian Ihle Hanto.
Her kan du lese meir om prisutdelinga onsdag
Det var finalespel i samspel senior onsdag
Etter jubileumsopninga onsdag kveld var det klart for festivalens fyrste finale. Desse gruppene kvalifiserte seg til finalen i samspel senior:
- Simen og Silja
- Nilssen/Westling
- Ingrid and the Vegar(d)s
- Særsvip
- Dag Gården og Leif Inge Schjølberg
Finalistane fekk spele for eit fullt dansegolv og eit lyttande publikum i Vågåhallen onsdag kveld. Kven som endar på dei tre øvste plassane i klassa, får vi ikkje vete før på Meisterkonserten sundag.
I klassane som ikkje har finale, blir resultata haldne hemmelege fram til premieutdelinga laurdag kveld. Det betyr at vi laurdag kveld mellom anna får vite kven som går til topps i samspel junior og solo andre instrument og vokal senior.
Tevlingane torsdag startar klokka 09.30
Torsdag er den fyrste heile tevlingsdagen på Landsfestivalen, og alt klokka 09.30 er dei fyrste deltakarane klare på scena i Vågåhallen.
Dagen startar med solo durspel senior. Heile 28 deltakarar skal vise kva dei kan på durspel. Her får publikum høyre eit stort spenn av slåttar, uttrykk og lokale speletradisjonar frå ulike delar av landet.
Som elles under Landsfestivalen er publikum velkomne ut på dansegolvet. Tevlinga er ikkje berre noko ein skal sitje og lytte til, musikken skal òg brukast til dans!
Klokka 13.30 held tevlingsprogrammet fram med solo fele og hardingfele senior. 24 utøvarar er påmelde i klassa, desse deltakarane representerer lag og miljø frå store delar av landet. Også her er dansegolvet ope, så det er berre å finne fram danseskoa!
Klokka 17.00 står trekkspel senior for tur i Vågåhallen og 21 trekkspelarar skal tevle om plass i kveldens finale i solo trekkspel senior.
Pardans i kulturhuset
Klokka 18.00 startar tevlinga i pardans senior i Vågå kulturhus. 41 par er påmelde, fordelte på åtte heat. Her får publikum oppleve ulike variantar av reinlender, vals, polka, masurka og pols frå ulike tradisjonsmiljø rundt om i landet.
I danseklassane er det naturleg nok deltakarane som har dansegolvet for seg sjølve. Kulturhuset har amfi, slik at publikum får godt utsyn og kan følgje dansen tett.
Finalen i pardans senior vert fredag kveld, og kven som kjem til finala vert ikkje offentleg før meisterkonserten som er fredag kl 12.00.
Tre finalar torsdag kveld
Klokka 20.30 er det klart for finalespel i Vågåhallen.
Denne kvelden skal det vere finalar i soloklassane durspel senior, fele og hardingfele senior og trekkspel senior. Kven som får finaleplassane, blir avgjort gjennom dei innleiande tevlingane tidlegare på dagen. I finalane får dei kvalifiserte deltakarane ei ny moglegheit til å vise seg fram for dommarane, publikum og dansarane på golvet.
Sjølv om finalespelet blir gjennomført torsdag kveld, blir ikkje vinnarane avslørte med ein gong. Kven som tek dei tre øvste plassane i klassane, får vi vite under meisterkonserten sundag.
Songleik og dans for dei yngste
Torsdag byr òg på fleire eigne aktivitetar for borna på Landsfestivalen.
Klokka 12.00 inviterer Lina Brenden og Iselin Aukrust til songleik og dans i idylliske Ullinsvin prestegard. Tilbodet passar for born frå barnehagealder og opp til 4. klasse. Her får ungane lære lokale songstubbar, gammaldans og songleikar som er tilrettelagde for born. Målet er å skape ein sosial møteplass der dei yngste kan oppleve fellesskap, rørsle og musikkglede saman med andre born på festivalen.
Det er gratis å delta, og det er inga påmelding. Her er det berre å møte opp!
Gratis dansekurs i matteltet
Klokka 16.00 blir det gratis dansekurs i matteltet. Kurset har ekstra fokus på born og unge, men alle som har lyst til å prøve seg på dansegolvet, er velkomne. Det krevst ingen forkunnskapar, og ein treng heller ikkje å ha med seg ein dansepartnar.
På Landsfestivalen skal terskelen vere låg for å delta. Kanskje blir dette fyrste gongen du prøver gammaldans, eller kanskje du berre vil lære nokre nye steg før kveldens dansespel? Det er gratis å vere med, og det er inga påmelding.
Landsfestivalen juniorspelemannslag
Det er endeleg klart for første øving med Landsfestivalen juniorspelemannslag. Alle som vil vere med møter opp ved ungdomsteltet kl 14.00. Det er Øyvind Sandum som har ansvaret for øvingane. Her kan du lese meir om kva Landsfestivalen juniorspelemannslag er
Plateslepp på Sve gard
Klokka 18.30 inviterer Leif Inge Schjølberg og Dag Gården til plateslepp i Brenneriet på Sve gard.
Dei to musikarane er godt forankra i folkemusikktradisjonen i Ottadalen og har begge om lag 50 års erfaring som spelemenn. På den nye plata «Ettsleppen» spelar Schjølberg fele og Gården trekkspel.
Plata inneheld slåttar etter sentrale tradisjonsberarar frå Ottadalen. I tillegg framfører duoen eigenkomponert materiale i tradisjonell stil, og som ikkje dette er nok får du vete litt meir om ulike produksjonar på Sve Gard.
Dansespelet startar klokka 15.30
Det blir ikkje berre dans til tevlingar torsdag. I matteltet startar dansespelet alt klokka 15.30, når Osterøybelgen går på scena. Deretter blir det musikk frå ei lang rekkje lag og grupper gjennom ettermiddagen, kvelden og natta.
Det er gratis inngang på arenaen til kl 19.00 kvar dag slik at alle som vil kan stikke innom og høyre på musikk, danse og kjøpe seg god mat og drikke til. Du treng kun billett dersom du vil inn på tevlingar. Her kan du lese om servering og opningstider i matteltet
I Vågåhallen kan publikum danse til finalespelet frå klokka 20.30. Når klokka passerer midnatt, blir det òg dansespel i kulturhuset. Mange moglegheiter for å få brukt danseskoa!
Dette skjer torsdag
Kl. 09.30: Solo durspel senior - Vågåhallen
Kl. 12.00: Songleik og dans med Lina og Iselin - Ullinsvin prestegard
Kl. 13.30: Solo fele og hardingfele senior - Vågåhallen
Kl. 14.00: Øving med Landfestivalen juniorspelemannslag - Ungdomsteltet
Kl. 15.30: Dansespel - matteltet
Kl. 16.00: Gratis dansekurs med ekstra fokus på born og unge - matteltet
Kl. 17.00: Solo trekkspel senior - Vågåhallen
Kl. 18.00: Pardans senior - kulturhuset
Kl. 18.30: Plateslepp med Leif Inge Schjølberg og Dag Gården - Sve gard
Kl. 20.30: Finalar i durspel senior, fele og hardingfele senior og trekkspel senior - Vågåhallen
Kl. 00.00: Dansespel startar - kulturhuset
Torsdag blir med andre ord ein dag fylt med solospel, dans, aktivitetar for dei yngste, plateslepp og tre spennande finalar.
Velkomen til ein ny innhaldsrik festivaldag i Vågå!
PROGRAMSIDE
Her ser du alle programpostane og kan sortere mellom kultur, tevling og dans:
Klikk her for å sjå heile programsida
STARTLISTER
Sjå alle startlister her
DANSESPEL
Sjå oversikt over dansespel her
BORNAS LANDSFESTIVAL
Sjå oversikt over bornas landsfestival her
Les om Landsfestivalen juniorspelemannslag her
BILLETTAR
Her finn du informasjon om billettar
RESULTAT
Her kan du sjå alle resultat etter hand som dei vert offentlege

