Billettoversikt og billettprisar
Her finn du oversikt over alle billettar til Landsfestivalen 2026

Du får kjøpt gjennomgangsbillett og dagsbillett på stemnekontoret

GJENNOMGANGSBILLETTAR
Gjennomgangsbilletten gjeld for alle tevlingar, dans på fleire golv og meisterkonserten sundag.
NB! Gjennomgangsbilletten gjeld ikkje for nokon andre konsertar enn meisterkonserten. Den gjeld ikkje på fredagskonserten til dømes. 

  • Deltakarbillett gjeld som gjennomgangsbillett. 
  • Meisterkonserten er inkludert i gjennomgangsbilletten, men det kan verte fullt på konserten. 
  • Det er rabatt for medlemmar i FolkOrg på gjennomgangsbillettane. 
  • Born under 16 år får gratis gjennomgangsbillettar og dagsbillettar men må registrere seg og få band.
  • Alle som har fyllt 18 år må kjøpe vaksenbillett. 

Du kjøper gjennomgangsbilletten din på stemnekontoret når du kjem på festivalen. 

Gjennomgangsbillett onsdag - sundag
For dei som er under 16 år: Gratis

For dei som er mellom 16 og 18 år*: kr 800,-
For dei som er mellom 16 og 18 år* og medlemmar i FolkOrg: kr 500,- 

For vaksne (alle som har fyllt 18 år): kr 1500,-
For vaksne som er medlemmar i FolkOrg: kr 1200,-

Gjennomgangsbillett torsdag - sundag
For dei som er under 16 år: Gratis

For dei som er mellom 16 og 18 år*: kr 700,-
For dei som er mellom 16 og 18 år* og medlemmar i FolkOrg: kr 400,- 

For vaksne (alle som har fyllt 18 år): kr 1300,-
For vaksne som er medlemmar i FolkOrg: kr 1000,-

Gjennomgangsbillett fredag - sundag
For dei som er under 16 år: Gratis

For dei som er mellom 16 og 18 år*: kr 600,-
For dei som er mellom 16 og 18 år* og medlemmar i FolkOrg: kr 300,- 

For vaksne (alle som har fyllt 18 år): kr 1100,-
For vaksne som er medlemmar i FolkOrg: kr 900,-

DAGSBILLETTAR
Dagsbillett gjeld alle tevlingar og dans på fleire golv utover kvelden. 
Dagsbillettane gjeld ikkje for konsertar. 
Det er ikkje eigne kveldsbillettar, kun ein billett for heile dagen og kvelden. 

Du kjøper dagsbilletten din på stemnekontoret når du kjem på festivalen. 

Onsdag - laurdag
Born under 16 år: Gratis
Ungdom 16-18* år: kr 350,-
Vaksen kr 450,-

Sundag (Meisterkonserten) 
Born under 16 år: Gratis
Ungdom 16-18* år: kr 200,-
Vaksen kr 300,-

*Alle som har fyllt 18 år skal kjøpe vaksenbillett. 

Alle som har gjennomgangsbillett og deltakarbillett kjem inn på Meisterkonserten utan ekstra billett. 
Men det kan verta fullt så du er ikkje garantert plass, møt opp i god tid. 

KONSERTBILLETTAR
Opning av Landsfestivalen 2026 
Dette er ein del av dagsbilletten onsdag og kostar ikkje noko utanom dagsbillett onsdag. 

Fredagskonserten: Heilt øre - ein gammaldansfantasi
Alle under 18 år: Gratis
Vaksen, alle som har fylt 18 år: kr 300,-

Du kan kjøpe deg billett til fredagskonserten her

MERK: Du må vere medlem i FolkOrg for å nytte deg av medlemsrabatten som er på gjennomgangsbillettar. Medlemskap i FolkOrg per år: Vaksne kr 400,- / Ungdom (18 - t.o.m. 26 år) kr 200,- / Born/ungdom under 18 år kr 100,- Les meir på nettsida til FolkOrg - Er du i tvil om du er medlem så kan du sende sms med kodeord "FolkOrg" til 1950 og få tilsendt dei medlemskapa som er registrert på ditt telefon nr. (gratis tjeneste). Alle er velkommen som medlem i FolkOrg!