På Landsfestivalen i Vågå vert det mykje å glede seg til for dei yngste! Bornas Landsfestival byr på eit variert program der born kan oppleve, lære og møte andre born som er med på Landsfestivalen! 

I idylliske Ullinsvin Prestegard blir det songleik for dei minste både torsdag og fredag. Her vil Lina og Iselin halde song og dansestund for alle som vil vere med, der musikk, rørsle og leik går hand i hand. Her kan dei yngste verte kjende med folkemusikken på ein leiken og inkluderande måte saman med Iselin og Lina. Det er gratis å delta, her er det berre å møte opp! 

For dei som vil prøve seg på dansegolvet, vert det gratis dansekurs i matteltet både torsdag og fredag. Her vert det dansekurs med ekstra fokus på born og unge, men alle er velkomne til å vere med. Du treng ikkje å ha dansa før for å vere med her, det er gratis å delta og ingen påmelding. 

Landsfestivalen juniorspelemannslag samlar born og unge frå heile landet til samspel og øvingar gjennom festivalen, før det til slutt vert framføring som eit stort juniorspelemannslag på scena. Vi vidarefører dette prosjektet som starta på Oppdal i fjor og her finn ein meir informasjon om kva melodiar som skal nyttast i år. Målet med Landsfestivalen juniorspelemannslag er at det skal skape både meistring, nye vennskap og spelglede! 

Laurdag vert det ekstra liv og røre når Superfestivalen går av stabelen utanfor kommunehuset i Vågå sentrum. Her kan born opptil 12 år delta med spel, song eller dans, dette er eit høgdepunkt for mange av dei yngste festivalgjestene og for alle som ønskjer å sjå på. Ein melder seg på ved oppmøte. Du kan lese meir om Superfestivalen her.


Program for bornas landsfestival
 

NB! Øvingar for Landsfestivalen juniorspelemannslag kjem i tillegg!

Torsdag 30. juli
Kl. 12.00 – 13.00: Songleik for dei minste (Ullinsvin Prestegard)
Kl. 16.00 – 17.00: Dansekurs (Matteltet)

Fredag 31. juli
Kl. 12.00 – 13.00: Songleik for dei minste (Ullinsvin Prestegard)
Kl. 16.00 – 17.00: Dansekurs (Matteltet)

Laurdag 1. august
Kl. 11.00: Oppmøte og påmelding til Superfestival for born (Scena ved kommunehuset)
Kl. 12.00: Superfestival for born (Scena ved kommunehuset)


Det kjem meir informasjon om aktivitetar til born og unge utover mot festivalstart. 
Det kjem og eigne tidspunkt for øvingar for Landsfestivalen juniorspelemannslag