SUPERFESTIVAL*
Laurdag 1. august 
kl. 12.00 - 14.00
Scena ved kommunehuset

Påmelding og registrering frå kl. 11.00
 

Superfestivalen er ei scene for born opp til 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poeng og rangering, men ei mønstring for alle born som ynskjer å delta. 

Her er det ope for alle uttrykk, anten det er å danse, syngje eller spela eit instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både åleine eller saman med andre. 

- Gjer som Tusti, ta på deg di usynlege superkappe og delta på SUPERFESTIVALEN du og! 

Alle born som deltek får Tusti-premie og positiv og konstruktiv attendemelding frå dommarane! 

*Superfestivalen erstattar den tradisjonelle sjokoladefestivalen, men det er samme innhald, gode stemning og like lavterskel og morro som før! Mønstringa er meint for alle som er for unge til å delta i dei vanlege tevlingane på Landsfestivalen! 


Hels på Tusti - vår eigen maskot for born og unge! 
FolkOrg har fått ein ny ven som heiter Tusti som er spesielt glad i å spele, synge, danse og leike med andre ungar. Du vil sjå att denne glade figuren mange gonger framover! Du kan lese meir om Tusti på www.folkorg.no

Tusti