Det er veldig gledeleg å sjå at det blomstrar av entusiastiske born og unge innan gammaldanssjangeren. Under fjorårets Landsfestival prøvde vi oss på samspel til dans for dei yngste i noko vi kalla «Landsfestivalen juniorspelemannslag». Det vart ein suksess, og derfor ønskjer vi å gjenta suksessen i Vågå til sommaren.

Det er fire melodiar som vil bli brukte til samspel blant dei yngste under festivalen. To av melodiane (Ola Bakar og Supermainn i frå Selbustrand) vart brukte i 2025, og to melodiar (Kakelinna og Dans på Storviksetra) er nye for året. Vi vil finne eit passande tidspunkt for «Landsfestivalen juniorspelemannslag» med eit sceneinnslag. Det vil også bli lagt opp til samøving i forkant av dette. 

Informasjon til pedagogar og læremeistrar:
Tilpass melodiane til elevane dykkar. 
Vi treng både førstestemmer, songstemmer, andrestemmer, lause strengar og mykje meir. Dette vert artig!

Ansvarleg for Landsfestivalen juniorspelemannslag
Øyvind Sandum


Her er lenke til dei fire slåttene vi skal spele i Landsfestivalen juniorspelemannslag i Vågå i august. 
Ola Bakar - en pariserpolka
Supermann fra Selbustrand
Kakelinna
Dans på Storviksetra

 

TUSTI
Hels på Tusti - vår eigen maskott for born og unge! 
FolkOrg har fått ein ny ven som heiter Tusti som er spesielt glad i å spele, synge, danse og leike med andre ungar. Du vil sjå att denne glade figuren mange gonger framover! 

Tusti er velkommen