Under opninga av Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå, annonserte styret i FolkOrg at det frå 2026 vart oppretta ein ny pris: Landsfestivalens heiderspris. Dette skal vere ein årleg pris som skal gjevast til ein person, ei gruppe eller eit lag som har arbeidd særleg godt og lenge for fremjing av gammaldansmusikk og gammaldans.

Prisvinnar 2026: Ivar Schjølberg

Under opninga av Landsfestivalen i Vågå vart det altså Ivar Schjølberg som fekk utdelt prisen. Her er grunngjevinga frå styret:

Ivar Schjølberg har gjennom eit langt liv lagt ned eit stort og verdifullt arbeid for norsk folkemusikk og gammaldans, både som utøvar, tillitsvald, organisasjonsmenneske og kulturberar.

For Landsfestivalen i gammaldansmusikk har Ivar Schjølberg hatt ei særleg viktig rolle. Gjennom sitt arbeid i Landslaget for Spelemenn var han ein av dei sentrale kreftene i arbeidet med å etablere Landsfestivalen på midten av 1980-talet. Han var med på å forme ein ny nasjonal møteplass for gammaldansmusikken – ein arena som gjennom snart fire tiår har samla utøvarar, dansarar og publikum frå heile landet.

Landsfestivalen har vore avgjerande for å styrkje statusen til gammaldansmusikken og gammaldansen, og gjere dette til noko felleseige for laga og miljøet. Den betydninga festivalen har i dag, kviler på innsatsen til dei som såg behovet for ein slik arena og arbeidde for å få han etablert. Ivar Schjølberg var av dei mest sentrale av desse.

Ivar Schjølberg gjennom mange tiår gjort ein stor innsats som felespelar, dommar, tillitsvald og leiar. Han sat ni år i styret i Landslaget for Spelemenn, mellom anna som nestleiar og leiar. Dette arbeidet vart han utnemnd til heidersmedlem i LfS for.

Landsfestivalens heiderspris er han særskilt verdig til på grunna av hans rolle i etableringa av Landsfestivalen i gammaldans for 40 år sidan. Han var leiar i LfS da det kokte som mest kring saka om gammaldansen og opprettinga av Landsfestivalen.

Gjennom sitt mangeårige arbeid har Ivar Schjølberg vore med og leggje grunnlaget for mykje av den aktiviteten og det miljøet som Landsfestivalen i gammaldansmusikk byggjer på i dag.

På dette grunnlaget er Ivar Schjølberg ein sterk kandidat til Landsfestivalens heiderspris i Landsfestivalens 40-årsjubileumsår.

Det var styreleiar Kristian Hanto som delte ut prisen til vinnaren.

Landsfestivalens heiderspris

Foto: Thor Hauknes