Onsdag på Landsfestivalen – no startar jubileumsfesten!
Onsdag 29. juli opnar Landsfestivalen i gammaldansmusikk dørene til fem dagar med levande musikk, dans, tevlingar og folkeliv i Vågå. Årets festival markerer at det er 40 år sidan den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og jubileet blir feira med rekordstor deltaking!
Heile 1 015 deltakarar, fordelte på 302 startnummer i 16 ulike klassar, er klare for festivalen. I tillegg skal meir enn 90 grupper og lag fylle dansegolva, gatene og møteplassane i Vågå med musikk gjennom festivalveka. Saman med rundt 450 frivillige er Vågå Trekkspelklubb klar til å ønskje gammaldans-Noreg velkomen til ei heilt spesiell jubileumsfeiring.
Tevlingane startar klokka 15.00
Klokka 15.00 går dei fyrste deltakarane i årets festival på scena i Vågåhallen. Festivalen startar med samspelklassane for både senior og junior. Samspel er klassa for grupper med to eller tre personar, og deltakarane kan stille med ulike instrument.
På Landsfestivalen er ikkje tevlingane berre noko ein sit stille og ser på. Publikum kan danse til nesten alle speltevlingane, og det er difor mogleg å danse i Vågåhallen allereie frå fyrste deltakar. På denne måten kan du oppleve gammaldansmusikken slik han er meint å opplevast: levande, tett på og med dansarar på golvet.
Klokka 18.30 held tevlingsprogrammet fram med klassa solo andre instrument og vokal senior. Denne klassa viser noko av den store breidda i gammaldansmiljøet og gjev plass til både songarar og instrument som ikkje er med i dei andre soloklassane. I år får vi oppleve vokal, munnspel og mandolin!
Heile Vågå blir ei festivalbygd
Under Landsfestivalen blir Vågå sentrum forvandla til ein levande festivalarena. Det er kort veg mellom Vågåhallen, kulturhuset, matteltet og dei andre møteplassane i sentrum.
Gjennom festivalveka vil spel og musikk møte deg både inne på tevlingane og ute i gatene. Her kan du høyre eit spelemannslag spele i sentrum, møte gamle og nye kjende over ein kaffikopp i matteltet eller la deg lokke ut på dansegolvet av musikk frå nokre av dei beste gammaldansutøvarane i landet.
Landsfestivalen er ein møteplass for alle som har eit hjarte for gammaldansmusikken, anten du kjem for å tevle, spele, danse, høyre på musikken eller berre oppleve den heilt spesielle festivalstemninga.
Jubileumsopning klokka 20.00
Klokka 20.00 blir Landsfestivalen 2026 offisielt opna i Vågåhallen.
I år er det 40 år sidan den fyrste Landsfestivalen vart arrangert, og jubileumsopninga blir starten på ei festivalveke der både historia og framtida til gammaldansmusikken skal feirast.
Vågå har gjennom fleire tiår vore vertskap for store folkemusikkarrangement, og bygda er igjen klar til å ta imot deltakarar og publikum frå heile landet. Arrangørlaget Vågå Trekkspelklubb har dessutan sitt eige jubileum i 2026 og feirar 50 år. Alt dette skal sjølvsagt feirast!
Ta gjerne turen til festivalområdet for å vere med når vi klokka 20.00 offisielt opnar den største nasjonale møteplassen for alle som er glade i gammaldansmusikk!
Fyrste finale allereie onsdag
Etter jubileumsopninga er vi klare for den fyrste finalen på festivalen. Klokka 21.00 er det klart for finale i samspel senior, og vi får møte dei beste gruppene frå kvalifiseringa på nytt.
Sjølvsagt kan du danse til finalespelet, men du kan òg berre sitje og lytte til den gode musikken.
Dans på fleire golv
Når finalen er over, held musikken og dansen sjølvsagt fram utover kvelden på fleire golv.
Klokka 21.30 startar dansespelet i matteltet, og frå klokka 22.30 blir det òg dansespel i kulturhuset. Dermed kan du vandre mellom fleire arenaer, høyre ulike lag og grupper og danse så lenge føtene held!
Billettar
Du kan kjøpe ein dagsbillett som gjeld for heile programmet denne dagen: tevlingar, jubileumsopning, finale og dansespel.
Du kan òg kjøpe ein gjennomgangsbillett som gjeld for heile festivalen, med unntak av konserten «Heilt øre» fredag kveld.
Dette skjer onsdag
Kl. 15.00: Samspel senior og junior – Vågåhallen
Kl. 18.30: Solo andre instrument og vokal senior – Vågåhallen
Kl. 20.00: Opning av Landsfestivalen 2026 – 40 år! – Vågåhallen
Kl. 21.00: Finale i samspel senior – Vågåhallen
Kl. 21.30: Dansespel – matteltet
Kl. 22.30: Dansespel – kulturhuset
Og tenk: Onsdag er berre byrjinga på fem dagar fylte med gode musikalske opplevingar, danseglede, inspirerande møte og minne som varer lenge etter at den siste tonen har stilna.
Med andre ord: Velkomen til jubileumsfestival og folkefest i Vågå!
PROGRAMSIDE
Her ser du alle programpostane og kan sortere mellom kultur, tevling og dans:
https://www.landsfestivalen.no/program.573437.nn.html
STARTLISTER
Sjå alle startlister her
DANSESPEL
Sjå oversikt over dansespel her
BORNAS LANDSFESTIVAL
Sjå oversikt over bornas landsfestival her
Les om Landsfestivalen juniorspelemannslag her
BILLETTAR
Her finn du informasjon om billettar

