Påmeldingstida til Landsfestivalen var i år frå 19.mai til 8.juli. 
No er påmeldingsfristen ute og ein kan kun etterpåmelde deltakarar i lagspel/lagdans klassane dersom laget er meldt på frå før. 

Ta kontakt med: 
Sina Myhr
Tlf 95 44 25 92
Epost sina@folkorg.no


Påmeldingsavgift  t.o.m. absolutt siste frist 8. juli.

Junior:
250 kr for fyrste påmelding
150 kr for andre påmelding
    0 kr per påmelding vidare

Senior:
400 kr for fyrste påmelding
300 kr for andre påmelding
    0 kr per påmelding vidare


Tevlingsplan og medlemskap i FolkOrg
Den førebelse tevlingsplanen finn du her: Tevlingsplan for Landsfestivalen 2022

Alle som deltek på Landsfestivalen må vere medlem i FolkOrg.
Les meir her: www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg.

Vi oppmodar alle deltakarane om å lesa tevlingsreglane for den/dei klassane dei skal delta i: https://folkorg.no/tevlingsreglement/


Påmelding til FolkOrg
Det er FolkOrg som tek i mot påmeldingane til Landsfestivalen. 
Fristen for påmelding er no ute, men har du spørsmål om di påmelding kan du ta kontakt med: 

Sina Myhr
Tlf 95 44 25 92
Epost sina@folkorg.no


Ny klasse for alle juniorar “Super-Junior”
Etter mange år med låg deltaking i fleire av juniorklassane, har hovudkomiteen for Landsfestivalen i Vågå i samarbeid med FolkOrg bestemt at vi slår saman alle soloklassane for juniorar til ei klasse som ei prøveordning på Landsfestivalen i 2022. 

Les meir om Super-junior her!


Dansespel
Det er opna for påmelding til dansespel og miljøspeling her. 
Meld dykk på så snart de kan, det kan bli fulltenga lister tidleg i år. 
Dersom ein melder seg på til dansespel no er det ikkje sikkert ein får spele akuratt når ein ønskjer, og det kan væra fullt grunna enorm respons på dansespel!