Torsdag kveld hadde vi i hovedkomiteen for Landfestivalen, besøk av både Victoria Øverby Steinland frå Balansekunst og Sina Myhr og Liv Annette Nygjerdet frå FolkOrg. Vi hadde eit viktig og interessant kurs om kva vi kan gjere for å jobbe for eit trygt og inkluderande miljø på vårt arrangement.
FolkOrg er medlem i Balansekunst - ein organisasjon som arbeider for eit inkluderande, likestilt og mangfoldig kulturliv. Her kan du lese meir om arbeidet dei gjer: Balansekunst
Ellers kan vi melde om at vi i hovedkomiteen jobbar godt med store og små ting for at Landsfestivalen skal bli så bra som muleg! Vi har spennande planar for både vaksne, barn og unge, og vi vil ha eit særskild fokus på at det skal bli ei god oppleving for barnefamiliar som tek turen til oss.
Det er vel ikkje noko å lure på? Åss tållåst på Oppdal!