Stønadsordning vidareført også i 2026
Styret i FolkOrg har vedteke å videreføre ordninga med støtte til deltaking for juniorar som fyrst vart innført i 2024. Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Dette er ei ordning som gjev støtte til lokallaga slik at dei kan dekke påmeldinga for juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen, samt at lokallaget kan bidra med å dekke reiseutgifter/overnattingsutgifter for deltakande juniorar i samband med arrangementa.
Ordna er slik at lokallaget kan få kompensert ei påmeldingsavgift til juniordeltakaren, samt reise- og overnattings kostnadar på 1000 kr. I 2026 er Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå, så da er det slik at dersom lokallaget har tilhald i Nordland eller nordover, eller Rogaland eller Agder, så får ein reisestøtte på 2000 kr. Ein kan søkje om kompensasjon for deltaking i både junior- og seniorklasser (lagdans sr. og lagspel sr. til dømes. Det er altså lokallaget som må sende inn søknaden, og intensjonen er at lokallaget skal støtte opp om juniorar sin deltaking. Dette er ei lågterskelstøtteordning, slik at så framt junioren faktisk stilte i tevlinga, så trengs ikkje noko meir rapportering. Dersom ein person er medlem i fleire lag, er det berre eitt lag som kan få støtte til deltakinga for vedkommande.
Søknadsskjema vert publisert i august
Foto frå Landsfestivalen 2024
Vemund Vang - deltakar i Super Junior
Foto: Thomas Westling

