Det er ein lang prosess å få på plass alle dommarane til Landsfestivalen, men kunnskapsrike folk på sine felt har teke på seg dommargjerninga i Vågå.

Det er styret i FolkOrg som er ansvarlege for dommarane under Landsfestivalen, og juryen vert sett saman ut i frå styret sine lister. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna bakgrunn, geografi, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen blant deltakarane.

Landsfestivalen er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landsfestivalen må setje av mykje av tida frå torsdag til sundag, og det går med mange timar til dømming og møter gjennom festivalen. Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landsfestivalen. 

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landsfestivalen, så skal dei ta kontakt med styret eller administrasjonen i FolkOrg. 

Kven som er dommarar på årets Landsfestival vert kunngjort seinare på sommaren.