Les grundig gjennom informasjon om festivalcampingen før du bestiller deg plass.
Festivalcampingen ligg 800 meter frå hovudarenaen ned mot Vågåvatnet. Det er gangveg frå campingen til arenaen, slik at det er trygt og enkelt å kome seg fram.

Vilkår og retningslinjer
Her kan du lese retningslinjene og kva vilkår som gjeld for bestillingar
NB! Bestillingskartet er forenkla!
I bestillingssystemet er det eit forenkla kart som syner korleis plassane er plassert i forhald til kvarandre. Dette kartet er misvisande mht avstandar mellom camping-områda og areaen. (Dette kartet er ikkje klikkbart, du må skrolle heilt ned på sida for å bestille)

NB! Du må skrolle deg heilt nederst på sida for å finne bestillings-funksjonen - NB! Den ser du ikkje før bestillinga opnar 7. april.
Felt B og C er teltplassar
For dykk som ynskjer å bu i telt, er det etablert eigne teltplassar ved Vågåmo skule. Desse ligg ved festivalkontoret og ca 150 meter frå hovudarenaen. På desse plassane er det ikkje høve til å parkere bil. Parkering skjer difor på eige område i nærleiken. Det er ikkje straum på desse plassane. Toalett og vatn finn ein inne på Vågåmo skule. NB! Teltplassar er kun egna til telt, her kan ein ikkje ha bil/campingvogn/bubil.
Pris per teltplass ved Vågåmo skule er kr. 1000,-.
Felt E er Festivalcampingen
Festivalcampingen ligg 800 meter frå hovudarenaen ned mot Vågåvatnet. Det er gangveg frå campingen til arenaen, slik at det er trygt og enkelt å kome seg fram.
Kvar plass er på 9x9 meter
Det kan kun vere ein bil tilhøyrande kvar plass.
Vatn og toalett er tilgjengeleg på festivalcampingen.
Det er tilgang til straum, ta med lang skøyteledning.
BESTILLING AV PLASSAR
Val av plass
Etter at du har fylt inn kontaktinformasjonen får du opp setekartet (illustrert under), kor du kan velje plassen du vil ha. Hald musepeikaren over det feltet du ynskjer å bestille deg plass på, og vel deretter plassen du ynskjer, den valdte plassen vert orange. Er plassen du vil ha grå/kvit så er plassen allereie seldt. Dersom du kjøper f.eks. to plassar, klikker du på dei plassane du ønskjer å kjøpe slik at alle er markerte med orange.

Når du har valgt den eller dei plassane du vil ha så trykker du på eit svart felt med teksta FORTSETT som er nedanfor kartet. Plassane du har valgt vert haldne av til deg til du har gjennomført bestillinga. Men merk at om du brukar veldig lang tid så vert plassane frigjorte til andre så pass på å fullfør heile bestillinga medan du er i gang.
Vi treng namn på alle bestilte plassar
Vi treng namn og kontaktinformasjon til ein kontaktperson per plass. Om du bestiller fleire plassar, må du fylle inn informasjonen til kontaktpersonane på dei andre plassane, i tillegg til din eigen. Merk at alle kontaktpersonane skal vere over 18 år.
Samandrag av bestillinga og godkjenning av kjøpsvilkåra.
Før du går til betaling får du opp samandrag av bestillinga. Slik kan du sjå over at du har bestilt det du ynskjer før du betalar.
Betaling
Du velge mellom betaling med vipps eller kort.
Sjå ellers her for kjøpsvilkåra for festivalcampingen
Gjennomfør alle trinna i bestillinga
Følg trinn for trinn for å bestille deg plass på campingen. Du kan klikke på den plassen du vil ha, men merk at kartet er kalla “setekart” og plassane er kalla “sete” då dette er bygd på kart berekna for konsertsalar. Det er felt og sete som viser til plassen, “rad 1” har ikkje nokon betydning her.

NB! Merk at du må godkjenne våre kjøpsvilkår for å kunne bestille deg plass på festivalcampingen - du får spørsmål om å klikke av at du har godkjent desse mot slutten av bestillinga di.
Treng du ekstra hjelp til sjølve bestillinga di finn du ei trinn-for-trinn forklaring her (pdf-fil)
NÅR BESTILLINGA OPNAR 7. APRIL, ETTER KL 17.00, KJEM DET OPP BESTILLINGSFELT HER
