Dans frå morgon til kveld!
Landsfestivalen i gammaldansmusikk = dans frå morgon til kveld! I tillegg til rekordstor påmelding til tevlingane er det rekord i antall påmeldte grupper og lag til dansespel og miljøspel! Tusen takk til alle som har meldt seg på!
I Hallen er det finalar i starten av dansespel-tidene som er sett opp her og laurdag vert det dansespel etter finala dersom det vert tid til det.
MERK: at det kan verta endringar i dansespeltidene.
KONTAKTPERSON for dansespel og miljøspel:
Vegard Hansen
dansespelLF2026@landsfestivalen.no
Tlf: 47245904
Billettar til dans på Landsfestivalen
For å vere med på dansefestane på Landsfestivalen kjøper du deg dagsbillett eller gjennomgangsbillett til festivalen. Det er ikkje eigen kveldsbillett, billetten gjeld heile dagen for tevlingar, finalar og dansespel.
Les meir om billettar her
Dansespel på Landsfestivalen er dugnadsspeling
Det er ikkje noko reduksjon i prisen på dagsbillett/gjennomgangsbillett for dei som skal spele til dans. Alle som deltek i tevling på Landsfestivalen betalar for å delta, og mange av desse spelar og til dans. Det vert difor rettferdig og likt for alle at dei som ikkje deltek i tevling, men ønskjer å spele til dans, betalar for inngang til festivalen.

