Her kan du sjå kven som skal dømme dei ulike klassane: 

Agnar Olsen – Lagdans, Pardans
Anders Næss – Durspel, Gruppespel, Samspel
Arne Stasviken – Lagspel durspel/trekkspel, Samspel, Trekkspel
Baste Antun – Durspel, Lagspel durspel/trekkspel, Super-junior
Hilde Bjørkum – Lagdans, Pardans
Ingrid Stuhaug – Fele/Hardingfele, Lagspel fele/hardingfele, Samspel
Jon Faukstad – Durspel, Lagspel fele/hardingfele, Super-junior
Kristina Farstad Bjørdal – Lagspel durspel/trekkspel
Marius Berglund – Andre instrument og vokal, Trekkspel
Odd Arne Halaas – Andre instrument og vokal, Gruppespel, Trekkspel
Solveig Brekke Hauknes – Lagdans, Pardans
Thomas Lomundal – Fele/Hardingfele, Lagspel fele/hardingfele, Super-junior
Torill Aasegg – Andre instrument og vokal, Fele/Hardingfele, Gruppespel

 

Det er styret i FolkOrg som utnemner dommarane

Det er ein lang prosess å få på plass alle dommarane til Landsfestivalen, men kunnskapsrike folk på sine felt har teke på seg dommargjerninga også på Oppdal. 

Det er styret i FolkOrg som er ansvarlege for dommarane under Landsfestivalen, og juryen vert sett saman ut i frå styret sine lister. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna bakgrunn, geografi, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen blant deltakarane.

Landsfestivalen er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landsfestivalen må setje av mykje av tida frå torsdag til sundag, og det går med mange timar til dømming og møter gjennom festivalen.

Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landsfestivalen. 

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landsfestivalen, så skal dei ta kontakt med styret eller administrasjonen i FolkOrg. 

 

Har du ønskje om å vere dommar på Landsfestivalen? 
Då er du velkommen til seminarhelg i Oslo 7. og 8. mars 2026

Dette vert ei helg for alle som ynskjer fagleg påfyll - og møte andre som er interesserte i fordjupning innan folkemusikk og folkedans. Vi ynskjer særleg at du kjem dersom du har lyst til å vere dommar på kappleik og festival, men seminarhelga er for alle som er interessert i fordjupning innan folkemusikken- og dansen.

Velkommen til ei helg for fordjuping og fagleg påfyll.
Dommarseminar med tema innan dans, song og spel.
Prøvedømming og diskusjonar. 
Møteplass og dansefest.

Meir informasjon kjem, hald av helga! 
www.folkorg.no

FolkOrg