Logo LF 2025
  • Alle frivillige må ha på seg den gule T-skjorta når de har vakt.  Dette er uniforma som syner at du er på jobb. 
  • Når vakta di er over, må den gule T-skjorta av, dersom du skal opphalde deg i festivalområdet.   
  • Frivillige som er på jobb skal ikkje nyte alkohol eller andre rusmiddel. De må og møte edru på vakt. 
  • Vi forventer at dei frivillige stiller med godt humør, og ei positiv innstilling. Då blir det så mykje kjekkare for alle. 
  • Møt opp tidsnok til vakta di.
  • Varsle i god tid om du mot formodning ikkje kan møte til oppsatt vakt.
  • Dei fleste vaktene vil ha ein halv times overlapping. Dette for å sikre at oppgåvene blir overført. Sørg for å gjere deg kjend med di oppgåve ved å spørje og observere dei andre. 
  • Som frivillig har du eit ekstra ansvar for å sjå til at alle har det bra. Om du oppdagar nokon som verkar å trenge hjelp, så har du eit ekstra ansvar for å melde ifrå til anten ordensvakt, nokon i hovedkomiteen, eller til Røde Kors. (sjå eigen instruks for HMS hendingar)
  • Som frivillig pliktar du å gjere deg kjend med FolkOrg sine etiske retningsliner og eigen instruks for HMS-hendingar.
  • Du pliktar og å sjå videoen TRYGG PÅ FESTIVAL