Dans frå morgon til kveld!
Landsfestivalen i gammaldansmusikk = dans frå morgon til kveld! 
Noko av det mest unike med denne festivalen er at ein kan danse til alle klasser frå dei startar om morgonen, med unntak av danseklassane sjølvsagt, dei lyt ein kun sjå på om ein ikkje melder seg på sjølv. Uansett: Dette betyr at det vert veldig mange timar med dansespel gjennom festivaldagane til glede for store og små. Likevel treng vi fleire til å spele dansespel for vi ønskjer at dansen skal gå utover kvelden og - her kan du melde deg på! 

Dansespel
Det vert dans frå to scener under festivalen, dette er i Vågåhallen og i Matteltet.
Fyll ut skjemaet under her med informasjon om kven du/de er, og nytt gjerne kommentarfeltet for utfyllande informasjon og kva tidspunkt som helst passar, om de spelar saman med fleire grupper/lag etc. Det er kanskje ikkje mogleg å gjere alle til lags, men vi vil freiste å gjere vårt aller beste!

Miljøspel
Under Landsfestivalen ønskjer vi også i år å fylle Vågå sentrum med gammaldans og god stemning! Vi lagar små scener ulike stader i Vågåmo der de kan melde dykk på for minikonsertar på 20-40 min.

Dansespel på Landsfestivalen er dugnadsspeling
Det er ikkje noko reduksjon i prisen på dagsbillett/gjennomgangsbillett for dei som skal spele til dans. Alle som deltek i tevling på Landsfestivalen betalar for å delta, og mange av desse spelar og til dans. Det vert difor rettferdig og likt for alle at dei som ikkje deltek i tevling, men ønskjer å spele til dans, betalar for inngang til festivalen. 

Det er smart å melde seg med det same for det er populært å spele til dans på Landsfestivalen og listene kan verta fulle.

KONTAKTPERSON
Vegard Hansen
dansespelLF2026@landsfestivalen.no
Tlf: 47245904


FYLL UT SKJEMA UNDER FOR Å MELDE PÅ 
Når du melder på til dansespel/miljøspel godtek du at vi lagarar din kontaktinformasjon til etter at arbeidet med Landsfestivalen 2026 er over.