Svært god deltaking på årets landsfestival!
Omlag 700 deltakarar stilte opp ein eller fleire gonger i dei ulike klassane. Publikum fekk unike konsertdagar frå tidleg om morgon til seine kvelden, og i tillegg var det mogleg å danse til alle som deltok i tevlingane. Møre og Romsdal Folkemusikklag, med leiar for hovudnemnda Britt Elise Skram i spissen kan sjå attende på fantastiske dagar med besøk av glade gammaldansfolk i alle aldrar frå heile landet.
Dette var første gongen Landsfestivalen vart arrangert på den vakre tettstaden Vestnes, men det skulle ein ikkje tru! Arrangementet vart gjennomført på ein svært god måte og styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, fekk ikkje fullrost arrangørane frå scena på meisterkonserten sundag. -Vi har hatt heilt fantastiske dagar her i Vestnes, dette har verkeleg vore ein flott landsfestival, tusen takk alle saman, sa Reitan då hovudkomiteen for landsfestivalen vart takka av med gåver, blomer og ikkje minst applaus frå ein fullsatt Vestneshall.
Britt Elise Skram, leiar i hovudkomiteen og alt-mogleg-kvinne, er og svært godt nøgd med gjennomføringa av landsfestivalen. Etter fleire år med planlegging av arrangementet er det no ein glad festivalsjef som kan sjå attende på gode festivaldagar i Vestnes. Ho hadde mange ho ville takke frå scena på Meisterkonserten sundag. -Tusen takk til FolkOrg som hadde tillit til oss og let oss arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2024. FolkOrg har støtta oss og gjeve oss viktig kunnskap og god hjelp i gjennomføringa. Takk til Vestnes kommune som hadde trua då vi spurte om det var mogleg å arrangere ein så stor festival med alt det inneber. Takk til lokalt næringsliv som har bidrege økonomisk og gjennom lån av utstyr og tjenester. Takk til alle dei fantastiske frivillige som har lempa, henta, frakta, rigga, tappa og kutta; utan dykk hadde dette ikkje vore mogleg. Takk til utøvarar og publikum som ville komme til Vestnes og dele musikken og dansen med oss alle. Og sist men ikkje minst; takk til værgudane som og spelte på lag med oss desse dagane, seier Britt Elise Skram som avslutning for arbeidet med Landsfestivalen 2024.
Om Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år bortsett frå pandemiåra 2020 og 2021. Landsfestivalen i gammaldansmusikk er Noregsmeisterskapen i gammaldansmusikk og det tevlast i solospel, gruppespel, lagspel, samspel, pardans og lagdans. Tevlingane er inndelt i junior og senior. I tillegg har vi sjokoladefestival der dei yngste kan delta med song, spel og dans.
Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år bortsett frå pandemiåra 2020 og 2021. Landsfestivalen i gammaldansmusikk er Noregsmeisterskapen i gammaldansmusikk og det tevlast i solospel, gruppespel, lagspel, samspel, pardans og lagdans. Tevlingane er inndelt i junior og senior. I tillegg har vi sjokoladefestival der dei yngste kan delta med song, spel og dans.
Arrangementet går over fem dagar i slutten av juli/byrjinga av august, og rundt 3000 – 4000 tilreisande og gjester kjem kvart år til landsfestivalen. Landsfestivalen er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg, organisasjon for folkemusikk og folkedans, som eig arrangementet, men kvart år er det ein lokal arrangør som er arrangør. Som oftast er det eit av dei lokale spel- og dansarlaga i organisasjonen, som er arrangør og i 2024 er det altså Møre og Romsdal Folkemusikklag som har teke på seg den viktige oppgåva å vere arrangør.
Foto frå årets Landsfestival
Vi har svært mange gode fotografi frå landsfestivalen 2024, de kan nytte desse dersom de krediterer slik: fotografnamn/FolkOrg. Merk at bileta ikkje kan nyttast til kommersiell bruk utan spesielle løyve, det er FolkOrg og lokal arrangør som eig bileta. Du kan sjå alle her: https://www.flickr.com/photos/82915246@N03/albums/
Fullstendige resultatlister frå Landsfestivalen finn de her:
https://resultat.folkorg.no/klasser/?kid=111
https://resultat.folkorg.no/klasser/?kid=111
Følg og med oss i sosiale medier:
Britt Elise Skram, leiar av hovudkomiteen på Landsfestivalen i Vestnes.
Foto: Thomas Westling