Det vert mogleg å overnatte på klasserom og her kan du bestille deg plass.
Overnatting i Klasserom
De må rekne med å dele klasserom med andre dersom de ikkje er mange nok til å fylle eit heilt klasserom sjølve. Når de bestiller kan de notere kven de ønskjer å dele klasserom med, feks ved å skrive inn namn på eit lag eller gruppe. Vi skal gjere vårt aller beste for å innfri ønskja de har om fordeling av plassar på klasserom.
Prisar for overnatting onsdag til sundag i festivalveka
Alle over 12 år: kr. 1000,-
Born 6-12 år: kr 500,-
Born under 6 år: gratis
For born under 12 år skal det vere minst éin ansvarleg vaksen per fem born.
Den vaksne må vere registrert på same bestilling og ha ansvar for borna.
Vilkår og retningslinjer
Her kan du lese vilkår og retningslinjer for bestilling av overnatting i klasserom.
Når du bestiller deg plass på klasserom må du godkjenne desse vilkåra, du får informasjon om det mot slutten av bestillinga.
Kontaktperson for overnatting
Geir Inge Stadeløkken
E-post: geir@landsfestivalen.no
Tlf: +47 916 09 109
Vil du heller bestille overnatting på festivalcampingen?
Les meir om festivalcampingen og bestill deg plass her

