Bjørn Tomren på heimebane
Bjørn Tomren frå Tomrefjord og Vestnes er på heimebane i denne konserten i Vestneshallen. Konserten vil også ha innslag frå utøvarar som vil presentere smakebitar frå det rikhaldige folkemusikklivet i Møre og Romsdal. 

Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Norge som den mest særegne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med eit unikt utrykk og einestående formidlingsevne rakk Tomren på kort tid å bli folkeeie, og vart omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Bjørn fulgte opp tv-suksessen med ein lang turne og utselde konserthus over heile landet, som endte med 3 fullstappa konsertar i Oslo Konserthus. 

Artisten, låtskrivaren og komikaren fra Tomrefjorden er også kjent fra den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha, og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv: «Kunsten å jodle». I 2019 ga Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus. 

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenner Tomren si musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesang, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk. 

Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og har verdensrekorden i flest forseringar av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også sjå tilbake på ei kort karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul». Stjernekamp er ikkje den første konkurransen kor Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han på verdensmesterskapet i strupesang i Tuva, og kom heim med ein bronsehest. 

Vel møtt til ein innhaldsrik og interessant konsert. 

Etter konserten held festivalen fram med finalar og dans. 

Billettprisar 
Vaksne kr 350.- 
Born under 16 år kr 100.-
 


For de som brukar APPEN: 
Om du er i APPen kan du klikke her for å kome til billettbestillinga

(da opnar nettsida i nettlesar i staden for i appen)