Bli med på storkonserten «Heilt øre» i Vågå

Som ein del av Landsfestivalen juniorspelemannslag inviterar vi no og til å delta på storkonserten fredag kveld! 

Dersom du øver på ei av stemmene – anten Gresshoppe (hovudstemme), Marihøne (understemme) eller Sommerfugl (understemme) – kan du vere med på storkonserten fredag kveld! 

Vegar Vårdal har komponert musikken til konserten som har namnet "Heilt øre - ein gammaldansfantasi". Konserten skal vere kl 19.00 i Vågåhallen fredag 31. juli som ein del av Landsfestivalen i gammaldansmusikk. No kan du øve inn ei av stemmene og vere med på avslutningsnummeret. 

Vegar har spelt inn videoar til dei ulike stemmene og vi har og notar til dei ulike stemmene om du vil ha det, notane finn du som lenker under filmane av Vegar. 

Det vert felles øving på desse stemmene under fellesøvingane for Landsfestivalen juniorspelemannslag, for alle som ønskjer å vere med. 

Her får du video av dei tre stemmene du kan velge mellom - øv på ei av dei og bli med på storkonserten fredagkveld på Landsfestivalen! 

Klikk på bilda og kom rett til filmane

Gresshoppe - Vegar Vårdal

Pdf-fil av nota til Gresshoppe vert lagt ut straks…… 

Sommerfugl med Vegar Vårdal

Her kan du laste ned pdf-fil av notane til sommerfugl

MARIHØNE

Her kan du laste ned pdf-fil av notane til Marihøne

 


Les mer om Landsfestivalen juniorspelemannslag her