Torsdag 30. juli kl 12.00 – 13.00
Fredag 31. juli 12.00 – 13.00
For born frå barnehagealder til 4. klasse
Velkommen til songleikar og dans med Lina Brenden og Iselin Aukrust i Ullinsvin i Vågå.
Dette passar for alle ungar frå barnehagealder og opp til 4. klasse.
Her får ungane lære lokale songstubbar, gammaldans og songleikar tilrettelagt for born. Vi ønskjer å lage ein sosial arena for dei yngste på festivalen der dei får anledning til å møte jamnaldrande. Det vert fokus på fellesskap og musikkglede i aktivitetane.
Lina Brenden og Iselin Aukrust er begge 22 år, og kjem frå Lom. Dei studerer til vanleg utøvande tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss. Dei er oppvaksne i det lokale folkemusikkmiljøet, og både spelar, syng og dansar.
Det er ingen påmelding – her er det berre å møte opp!
Vi gler oss til ei artig stund i Ullinsvin.
Velkommen!

