Dei siste åra har det vorte meir og meir vanleg å publisera bilete og film frå Landsfestivalen i sosiale medium. Dette har sjølvsagt vore positivt for sjangaren, og mange tenkjer at det er positivt at det vert lagt ut bilete og film av dei. Men kan me leggje ut eller streama kva me vil utan å spørja dei som er avbileta eller filma?
Visste du at ….?
- Etter loverket er hovudregelen at det ikkje er tillate å publisera bilete eller film av identifiserbare personar offentleg utan at dei har samtykt til det?
- Dette betyr at dersom du tek bilete av, eller filmar deltakarar eller publikum på Landsfestivalen, må du etter lova ha deira samtykke til å publisera dette offentleg.
- Publisering på Facebook blir rekna som «offentleg» sjølv om ein har ein lukka profil. Og publisering på opne sider/nettsider blir alltid rekna som «offentleg».
- Ein kan publisera eit personbilete offentleg dersom det har aktuell og allmenn interesse. Dette mellom anna for at pressa skal kunna publisera bilete av personar som er aktuelle i nyheitsbiletet utan å be om samtykke. Det er sjeldan knytt «aktuell og allmenn interesse» til heilt vanlege menneske som tilfeldigvis er på Landsfestivalen. Dei som står på scena må og spørjast etter lovverket.
- Det kan publiserast bilete utan samtykke der ein tilfeldig person synest, dersom denne personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet.
- På Landsfestivalen betyr dette at ein gjerne kan publisera oversiktsbilete frå festivalen, ettersom dette kan reknast som ein «forsamling» eller ein «hending som har allmenn interesse». Der enkeltpersonar er i hovudfokus, må ein likevel innhenta samtykke. Hugs at det som du meiner er eit artig bilete eller ein artig filmsnutt, kanskje ikkje er det for den som er avbilda eller filma.
Dersom du er i tvil, er det ofte betre å be om samtykke til publisering ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Spør om samtykke, då vel – det er ikkje verre enn det!
NB! Reglane for deling av film og bilete er komplekse, dette er kun ei enkel framstilling. Det er den enkelte sitt ansvar å følgje lovar og reglar kring dette. Hugs at du og har rett til å be om at film og bilete av deg vert fjerna. Les meir om regelverket her