Plateselskapet Aksent vil under Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2026 halde ein lanseringskonsert som markerer to nye album med tradisjonsmusikk som selskapet har gjeve ut det siste året.

Slåttar frå Sunnfjord II med Naustedalen Spelemannslag
Den første utgjevinga er «Slåttar frå Sunnfjord II» med Naustedalen Spelemannslag frå Sunnfjord. Laget har i mange tiår vore ein viktig formidlar av tradisjonsmusikken frå sin landsdel, og har delteke på Landsfestivalen ei rekkje gonger. Dei spelte inn den første plata si for Aksent alt i 1975. I november 2025 kom denne nye utgjevinga med heile 26 slåttar. På innspelinga medverkar både heile spelemannslaget, tradlaget og toraderlaget. Musikalske leiarar er Einar Eimhjellen og Kjell Bjarte Vonen.

Danser i gammel stil av Oluf Melvold
Den andre utgjevinga Aksent lanserer under festivalen, er «Danser i gammel stil av Oluf Melvold». Oluf Melvold (1843–1897) frå Åmot i Østerdalen er mellom dei tidlegaste gammaldanskomponistane i Noreg, og etterlet seg mellom 200 og 300 komposisjonar. Utgjevinga inneheld nyinnspelingar med Håvard Svendsrud Ensemble. Svendsrud, som òg driv plateselskapet Aksent, vil under lanseringskonserten spele utdrag frå utgjevinga og fortelje om prosjektet.