Under Landsfestivalen 2027 ønskjer vi å samle festivaldeltakarane på ein felles festivalcamping med god kapasitet, som gjer at deltakarar og publikum bu samla gjennom heile festivalveka.
Festivalcampingen har flatt og fint underlag og ligg om lag 800 meter frå festivalarenaen. Det går ein fin gangveg gjennom skogen, men det er òg enkelt å køyre bil eller sykle den korte vegen mellom campingområdet og arenaen.
På festivalcampingen finn du vatn, toalett og dusjfasilitetar, og straum er inkludert i campingavgifta.
Vi vonar òg å få på plass ein liten butikk i låven som ligg ved festivalcampingen, vi ser for oss utsalg av basisvarer og andre nødvendigheiter gjennom festivaldagane. Det er og kort veg til sentrum med fleire matbutikkar.
Det er kort veg frå campingplassen til fine bademoglegheiter i Lyngdalselva, det er perfekt for eit forfriskande bad mellom tevlingar, konsertar og dansespel!
Her ligg alt til rette for eit triveleg, sosialt og kompakt festivalopphald på Lampeland!
I tillegg vert det eigen teltcamping heilt tett på festivalarenaen og moglegheit til å overnatte i klasserom. Bestilling for teltplassar og klasseromsplassar opnar i haust.
Vilkår og retningslinjer
Her kan du lese retningslinjene og kva vilkår som gjeld for bestillingar
Felt B er nermast arenaen
-NB dette er eit bilde, du kan ikkje trykke på dette.

HER BESTILLER DU DEG PLASS PÅ FESTIVALCAMPINGEN
1 billett = 1 plass på campingen
MERK at når du bestiller plass på festivalscampingen så godtek du dei betingelsane som gjeld for årets arrangement. Du må betale med det same du bestiller, du kan betale med kort eller vipps.
1 plass på campingen kostar kr 2700,- inkl straum, toalett, dusj og vatn.
Ansvarleg for overnatting Landsfestivalen 2027:
Bård-Vegard Bjørhusdal
982 97 632
bard-vegard@landsfestivalen.no


Arenaen til Landsfestivalen 2027 er ved Stemningsmogen Fritidspark. Her er det skole, svømmehall og idrettshall i tillegg til et fint uteområde. Det er gangvei gjennom skogen til festivalcampingen og bare noen få minutter gange til sentrum med butikker, hotell, bensinstasjon med mer.
Adresse til stedet er: Numedalsvegen 2022, 3623 Lampeland

